SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 87 skann 89

87 I undervisninga kan ein skilje mellom bundne øvingar og frie øvingar. Dei vanlegaste formene for bundne taleøvingar er uttale- og intonasjonsøvingar og leseøvingar dialogøvingar, der elevane øver samtale ved å spele bestemte roller. Dei bundne øvingane er ei form for øving til ein friare talesituasjon. Dei skal i første rekkje tene til å øve inn god uttale og intonasjon, til å styrkje bestemte språkvanar og til å auke presisjonen og farten. Dei vanlegaste formene for friare munnlege øvingar er - spørsmål/svar på grunnlag av tekst, inntalt stoff, film, biletmateriale, fjernsynsprogram osv. friare samtale i klasse eller gruppe referat eller samandrag av stoff som er høyrt eller lese, korte orienteringar eller elevforedrag framføring av sketsj, rollespel, rapport frå gruppearbeid, individuelt arbeid osv. Tekstbehandling Den intensive lesinga tek sikte på at eleven skal forstå teksten fullt ut både når det gjeld språk (ord, uttrykk og setningar) og innhald. Den intensive måten vil ein måtte bruke med ein stor del av lærestoffet i begynnarkursa for å øve inn grunnleggjande tame og innsikt i spraket. I dei andre kursa må ein vanlegvis lese intensivt slikt stoff som elevane vanskeleg kan tileigne seg på eiga hand, stoff som på grunn av språk og innhald treng å bli drøfta og behandla nærmare. Dette kan gjelde både skjønnlitteratur og sakprosa. Den ekstensive lesinga har som eit hovudmål a auke evna hos elevane til å skaffe seg informasjon og innsikt ved a lese det framande språket. Den ekstensive arbeidsmåten skal derfor i første rekkje gje elevane øving i å setje seg inn i og kunne gjere greie for hovudinnhaldet i ein tekst utan at dei absolutt må ha forstått teksten i alle detaljar. Men lesinga må vanlegvis vere så pass grundig at ho er med på å auke det aktive og passive ordforrådet til elevane. Den ekstensive lesinga ma kunne danne grunnlag for forskjellige former for munnlege og skriftlege øvingar. På grunnsteget bør ein gå i gang med ekstensiv lesing (t.d. lette tekstar med gloser) så snart det er mogeleg. Ein bør etter kvart auke delen av den ekstensive lesinga. I grunnkurs i A- og B-språk bør ein leggje om lag like stor vekt på den intensive og den ekstensive lesinga. Men det må til ein viss grad vere høve til å vike av frå dette prinsippet når spesielle forhold i det enkelte kurset eller i undervisningssituasjonen tilseier det.
Skann 89 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 87». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/89/