SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 86 skann 88

86 4.2. Arbeidsformer Øving i å forstå tale Formålet med lytteøvingane er å øve elevane i å forstå vanleg tale, så vidt mogeleg i naturleg tempo. Med vanleg tale må ein her forstå danna talespråk som er i samsvar med ein akseptert standarduttale, og med dei avvik ein kan finne i ein slik standard, t.d. mellom britisk og amerikansk engelsk. Kravet om at undervisningsstoffet stort sett følgjer ein standarduttale, må ikkje hindre at ein kan ta inn i undervisninga stoff med litt avvikande uttale i den grad undervisningssituasjonen tilseier det. Øving i å forstå tale bør så langt råd er omfatte ulike former for talt språk: daglegtale, opplesing av nyhendestoff i radio, kåseri, foredrag, inntaling av sakprosatekstar og skjønnlitteratur osv. Øving i å forstå tale bør vere eit nokolunde fast innslag i undervisninga i grunnkurs og vidaregåande kurs, og øvingane bor ha ein klart stigande vanskegrad. Øving i uttale f munnleg språkevne Formålet med den munnlege øvinga er å utvikle evna hos elevane til a bruke språket mest mogeleg flytande og korrekt i meiningsfylt samanheng. Ein må leggje undervisninga opp slik at elevane får høve til å tale språket så ofte som mogeleg. Hjelpemiddel som kan bidra til å gje elevane meir munnleg øving, bør ein også bruke. Dei viktigaste sidene ved den munnlege øvinga er å øve inn god uttale og intonasjon - å øve inn og utvide ordforrådet og setningsmønstra. Å øve inn god uttale høyrer med til dei grunnleggjande elementa i språkopplæringa, og gjennom heile studiet av språket i den vidaregåande skolen skal ein arbeide vidare med uttale, intonasjon og setningsrytme. Så langt det er mogeleg må dette skje i språkleg meiningsfylt og naturleg samanheng. Elevane må øve seg i å skilje lydar og lydgrupper som er særeigne for vedkomande språk. Elevane må også øve seg i å bruke trykk, rytme og vanlege intonasjonsmønster i språket. Elevane kan ha ulike personlege føresetnader og evner når det gjeld uttale. Undervisninga og kravet til prestasjonane bor derfor sa langt råd er vere tilpassa kvar einskild elev. Ein må vere varsam overfor elevar som har talefeil, eller som har sterke hemningar når dei skal uttrykkje seg medan kameratane høyrer på. I undervisninga må ein leggje til grunn ein uttale som er representativ for språket. Dersom ein elev ved eit lengre utanlandsopphald har tileigna seg ein annan representativ uttalevariant av språket, skal ein godta dette. Lydskrift kan vere til hjelp for å oppnå ein riktig uttale. Elevane bør lære lydskriftteikna så godt at dei kan ha nytte av dei nar dei skal slå opp i ordlister eller ordbøker.
Skann 88 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 86». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/88/