SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 88 skann 90

88 Skriftleg språkevne Evna til å bruke språket skriftleg er ein del av den samla språkdugleiken som målet for opplæringa stiller opp. Den skriftlege opplæringa rna derfor så langt råd er bli integrert med dei andre tamane og få den vekta og det omfanget ho skal ha ut frå målet. I alle språkkurs, først og fremst på begynnarsteget, rna det vere eit formål med dei skriftlege ovingane å stotte opp om den munnlege innøvinga av ord, uttrykk og grammatiske mønster, slik at ein hjelper elevane til å kunne uttrykkje seg mest mogeleg korrekt. Den skriftlege opplæringa må derfor i vesentleg grad ta utgangspunkt i stoff som alt er behandla munnleg, slik at det kan bli ein vekselverknad mellom munnlege og skriftlege øvingar. Ein må kunne bruke dei ovingane som er nemnde nedanfor, alt etter behovet på dei ulike stega og i dei ulike kursa: Diktat gjev øving både i rettskriving og i å forstå talt språk, og bor i første rekkje kunne brukast i begynnarundervisninga. Utfyllings- og omformlngsoppgåver av ymse slag høver til a ove inn ordforrådet og grammatiske strukturar, og kan brukast pa fleire steg. Omsetjing (korte einingar) til eller frå det framande språket bor ein kunne bruke, særleg på dei vidaregåande stega, for å kaste lys over eller feste bestemte element i fraseologi og grammatikk. Svar på spørsmål vil vere ei vanleg skriftleg øvingsform på mange steg. I begynnarundervisninga vil det også vere behov for å gje elevane øving i å lage spørsmål. Attforteljing gjev øving i skriftleg framstilling og i taleforståing. Referat og samandrag av tekst eller av opplese eller inntalt stoff eignar seg best som ovingsform på dei vidaregåande stega. Meldingar og brev er former for skriftleg språkbruk som kan vere viktige i det praktiske livet, og som ein derfor tri ein viss grad bør kunne bruke som øving i alle språkkurs i den vidaregåande skolen. Kommentarar til innhaldet eller språket i ein tekst kan ein bruke, helst i dei vidaregåande kursa. Stil øver elevane i samanhangande og sjølvstendig framstilling og i å gje uttrykk for eigne tankar og røynsler. Dei eigenlege frie stilane bor ein førebu i grunnkursa ved ymse former for stilar der forskjellige element i stilen er innøvde eller oppgjevne på førehand. Grammatikk Innsikt i grammatikk må i den vidaregåande skolen forst og fremst vere eit middel til å nå ein allmenn språkdugleik, slik målet for opplæringa viser. Grammatikkopplæringa må derfor vere funksjonell og tene den samla opplæringa.
Skann 90 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 88». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/90/