SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 85 skann 87

85 Klassar som bruker mykje tid til å arbeide med AV-stoff (lydbiletband, film, fjernsynsprogram), kan til ein viss grad redusere omfanget av den ekstensive lesinga. AV-stoff med tekstar (t.d. skoleradioprogram) kan ein ikkje rekne reduksjon for dersom desse tekstane blir rekna med i det oppgjevne arbeidsstoffet for kurset. For kvart AV-program på ca. 25 minutt eller meir med etterarbeid kan ein redusere det stoffet som blir lese ekstensivt, med fire sider. Den samla reduksjonen bør ikkje vere meir enn ein firedel av den samla lesinga. Med sakprosa skal ein forstå t.d. skoleradioprogram og enkelt stoff henta frå aviser og tidsskrifter. Sakprosastoffet bør i alle kurs vere minst ein tredel av det samla arbeidsstoffet. Det inntalte stoffet som blir brukt, må vere av god kvalitet både teknisk og når det gjeld framføringa av stoffet, røystutvalet osv. I arbeidsstoffet for kvart årskurs bør det finnast materiale som viser korleis språket blir brukt i daglegtale. 4.1. Dei konsekvensar målet har for arbeidet med faget Ein må arbeide mest mogeleg systematisk med dei tamane og emna som er oppgjevne i målet: -- taleforståing, evne til å forstå det talte språket munnleg språkevne tekstbehandling, evne til å lese og forstå tekstar skriftleg språkevne kulturkunnskap, kjennskap til kultur- og samfunnsforhold. I dei fleste aktivitetane er det viktig å leggje vekt på at elevane skal utvide ordforrådet sitt, at dei skal prøve å tileigne seg god uttale og skaffe seg meir kjennskap til korleis språket blir brukt. Det er viktig at opplæringa blir lagd opp slik at elevane kan få mest mogeleg aktiv språkøving, og at det blir skapt ein undervisningssituasjon som kan motivere dei til å ta aktivt del i arbeidet i klassen eller i gruppa. Opplæringa i den vidaregåande skolen er tenkt bygd opp gjennom årskurs som utgjer ein viss heilskap. For vidare læring er det viktig at det kan leggjast eit språkleg grunnlag som er fast nok til å byggje vidare på. Eit hovudsiktemål i arbeidet med kvart språkfag må vere å oppnå dette. Ei viktig side av undervisninga er også å lære elevane å arbeide sjølvstendig, slik at dei etter kvart kan planleggje arbeidet sitt og ta ansvar for si eiga læring. 4. ARBEIDSMÅTAR
Skann 87 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 85». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/87/