SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 84 skann 86

84 Samisk Grunnkurs i C-språk (begynnarsteget) Kurset i samisk vil hovudsakleg omfatte: ortografi og formverk språklege uttrykk: generell syntaks verbale uttrykk nominale uttrykk Med tanke på vanskegraden når ein skal lære inn strukturen i spraket, bor ein ikkje vente at grunnkurset skal gje eit ordforråd pa meir enn 600-1000 ord. Grunnkurs i B-sprak Kurset skal gje ei vidare innføring språk rår over: avleiing modulering og nyansering: Elevane bør få innføring i: skriftnormalar i nordsamisk dialektskilje språkhistorie i dei uttrykksmåtane som samisk ordvalor ordfolgje suffiks partiklar Ein rna noye vurdere omfanget av pensumlitteraturen i forhold til føresetnadene hos elevane. Men ein bor ta sikte på å lese meir enn det som kan vise seg å vere forsvarleg a fore opp som eksamenspensum. Som utgangspunkt kan ein ta sikte pa eit eksamenspensum pa 60-100 sider, med halvparten til intensiv lesing. 3.3. Kommentarar til arbeidsstoffet Det sidetalet for arbeidsstoffet som er oppgjeve, rna ein sja pa som ei ramme som ein reknar med at klassane eller gruppene stort sett kan greie å fylle. Talet på lesesider kan ikkje vere noko bindande mal for det arbeidet som er utført i klassen. I enkelte klassar eller grupper kan forholda for opplæringa vere slik at elevane har best utbyte av a arbeide med noko mindre lesestoff enn det som er oppgjeve. I andre klassar kan elevane kanskje lese meir enn det sidetalet som er oppgjeve. Det samla omfanget av arbeidsstoff omfattar bade intensivt og ekstensivt lesestoff. Det stoffet som blir lese intensivt, bor vere minst ein firedel av det samla arbeidsstoffet. Men læraren skal sta fritt til a regulere dette forholdet noko etter kva som er best for opplæringa. Ei side som er lesen intensivt, tilsvarar fire sider lesne ekstensivt.
Skann 86 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 84». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/86/