SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 83 skann 85

83 Rette Ise Del 2: Felles allmenne fag. Side 83. Etter 3. linje øverstskal følgende avsnitt inn: Grunnkurs i B-språk. Her bør elevane i alt lese ca. 150 sider over to år med om lag halvparten kvart år. I 2-årig grunnkurs med fire timar bør dei lese ca. 75 sider. Arbeidsstoffet skal innehalde både skjønnlitteratur og sakprosa Av arbeidsstoffet bør minst ein tredel og maksimum halvparten vere sakprosa. Dei skjønnlitterære tekstane bør omfatte både prosa og poesi og bør vesentleg vere frå det 20. hundreåret. Elevane bør lese tekstar rra heile det tysktalande området. Tekstane bør vere aksentuerte. Finsk Grunnkurs i C-språk (begynnarsteget) I grunnkurset på 5+5 timar i 2. og 3. året bør det aktive ordforrådet liggje på 1000—1500 ord. I grunnkurset på 4+3 timar bør ordforrådet liggje tilsvarande lågare. I tilknyting til det stoffet den eigenlege begynnarboka inneheld, er det ønskjeleg at elevane les frittståande tekstar med om lag same vanskegraden som det stoffet dei arbeider med i begynnarboka. Talet på sider er avhengig av kva læraren kan finne av høvelege tekstar, og av forholda i klassen. Grunnkurs i B-språk Her bør elevane i alt lese ca. 80 sider over to år med om lag halvparten kvart år. Det ekstensive stoffet er vesentleg sett saman av sakprosatekstar, som er tilpassa progresjonen i det intensive stoffet. Det same gjeld også dei skjønnlitterære tekstane som ein ønskjer å bruke. Ein del av både dei intensive og dei ekstensive tekstane bør kaste lys over dagleglivet, kulturen, historia og samfunnsforholda i Finland.
Skann 85 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 83». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/85/