SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 70 skann 72

70 Elevane må meistre å skrive rapportar, referat og samandrag. Dessutan må dei kunne skrive t.d. eit avisinnlegg eller ei friare utgreiing om eit fagleg eller allment emne. Dei må kunne gjere greie for opplysningar og synspunkt i ein tekst og kunne lage ein sjølvstendig kommentar med utgangspunkt i dei. I kor stor grad ein skal arbeide med dei vanskelegare emna som er nemnde under punkt 3.2.1.0 Cb) i undervisningsplanen, er avhengig av dei føresetnadene elevane har. For dei flinke og modne elevane vil det vere ei interessant utfordring som dei kan meistre pa ein framifrå måte. For dei svake elevane vil slike oppgåver vere så uoverkomelege at resultatet blir utan meining. MUNNLEG OPPLÆRING Ein må leggje vekt på å utvikle evna hos elevane til å bruke morsmålet. Dei må øve seg i hogtlesing og andre munnlege aktivitetar. Det er viktig at elevane blir motiverte for dette arbeidet, slik at dei oppfattar det positive i å bli retta på i staden for å kjenne det som negativ kritikk. Det er også viktig at læraren er klar over kva legning kvar elev har, og at han tek omsyn til den. Undervisninga bor ta sikte på a gje kvar elev så godt herredømme over munnleg form og uttrykksmåte som han har føresetnader for. Det er sjølvsagt at elevane får bruke dialekten sin i munnleg norsk. Punkt 3.2.1.0 B d) inneheld framlegg til praktiske øvingar. Det er avgjerande at elevane kjenner at øvingane er henta frå deira nære røyndom. Elevane må få øving i å stå framfor ei forsamling (klassen) og gje ei munnleg utgreiing. Dei må lære å bruke notat eller manuskript pa ein slik måte at framføringa ikkje blir opplesing. Dei må få innføring i elementær foredrags- og ordskifteteknikk og i moteleiing. Elevane skal også ove seg i å oppfatte dansk og svensk tale. Til det er det best å bruke film, lydband eller grammofonplater. Det vil også betre forståinga av dansk og svensk om dei les litt litteratur på desse språka. LITTERATURLESING Punkt 3.2.1.1 A-D nemner kva for omfang pensumet har. Skjønnlitteraturen er ikkje meint å gje noko tverrsnitt av norsk dikting. Når ein vel tekstar, må hovudmålet vere å utvikle lesegleda hos elevane. Det er viktigare at elevane opplever litteraturen enn at dei prover seg på ein inngåande litterær analyse. Men det er likevel naturleg at dei får kjennskap til den teknikken forfattaren bruker, til måten han byggjer opp forteljinga si eller diktet sitt på, og dei ulike verkemidla han bruker. Sakprosatekstane bør ha aktualitet for elevane i deira livssituasjon. Det er naturleg å hente ein del stoff frå aviser og tidsskrifter. Det kan gjerne vere slikt stoff som vekkjer ordskifte og motførestellingar. Omstridde spørsmål bor ein kaste lys over frå fleire sider, og elevane rna få ove seg i å lese kritisk. Ein står fritt når ein vel sakprosatekstar, men bør likevel ha i tankane at stoffet skal gje elevane auka interesse for det som rorer seg i tiua, uauC nasjonalt og internasjonalt.
Skann 72 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/72/