SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 71 skann 73

71 STUDIETEKNIKK Av omsyn til dei andre faga er det ein fordel om ein alt dei første timane i norsk drøfter gode arbeidsvanar og ymse leseteknikkar (oversikts-, nærog skumlesing). Det er viktig at ein følgjer opp den første opplæringa gjennom undervisninga seinare. Det gjeld både i norsk og i andre fag. Her må norsklæraren samarbeide med dei andre faglærarane. Elevane bør øve seg i notat- og referatteknikk og i å skrive utdrag og samandrag. Dei må også få oppgåver som krev at dei bruker kjelder og bibliotek. Det som her er nemnt, krev at både læraren og eleven har ei aktiv innstilling til faget. Målet for eleven er etter kvart å kunne planleggje og ta ansvaret for si eiga læring i størst mogeleg grad. Læraren må arbeide aktivt som rettleiar og planleggjar i tillegg til å vere kunnskapsformidlar. 3.3.2. Tillegg for administrasjonslinja Jamvel om saksbehandling er eit utprega fagteknisk emne, bør undervisninga i faget ha eit allment opplegg. Administrasjonslinja tek ikkje sikte på å utdanne saksbehandlarar, men elevane skal få ei innføring i arbeidsmåten og arbeidsgangen i offentleg administrasjon slik at dei kan plassere seg sjølv i arbeidsmønsteret og vurdere betre si rolle innanfor dei rutinane og arbeidsopplegga som dei blir pålagde å ta del i når dei kjem ut i praktisk arbeid. Ein bør så langt råd er knyte undervisninga til aktuelle saker som har allmenn interesse, og som inneheld faglege omgrep som svarer til dei føresetnadene elevane har. Elevane bør kunne gjere greie for vanleg saksgang gjennom dei ymse ledda i administrasjonen. Dei skal få øving i å lage merknader på Saksdokument, og dei skal kunne skrive enkle tilrådingar i ei sak som skal leggjast fram til endeleg avgjerd. Det krevst ikkje at elevane skal kunne gjere greie for saksbehandling utover det kommunale og fylkeskommunale planet. Men dei bør få kjennskap til sambandslinjene med sentraladministrasjonen i den monn det er nødvendig for å setje sakene inn i ein meiningsfylt samanheng. 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Dei konsekvensane målet har for arbeidet med faget Målet for faget norsk er så omfattande at det blir svært viktig å ha ein grei plan å arbeide etter, slik at formålet og gangen i øvingane er klar for elevane, og slik at dei får mest mogeleg aktiv øving. Ein må planleggje arbeidet nøye i samråd med elevane. Dei får da alt frå første stund ei kjensle av at dei er med og avgjer og har ansvar for å gjennomføre arbeidet. Læraren bør derfor starte skoleåret med å finne ut kva for kunnskapar elevane har frå før. Jamvel om læraren har det avgjerande ordet med
Skann 73 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/73/