SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 69 skann 71

69 B Utgreiingsteknikk a) Tolking, analyse, arbeidsplan b) Å hente inn opplysningar Munnleg Skriftleg Telefonisk c) Vurdering d) Framlegg til løysingar e) Skriftleg framstilling f) Godkjenning h) Møteteknikk i) Konferanseteknikk j) Komitéarbeid 3.3. Kommentar til emnelista 3.3.1. Felles for begge linjene Emneplanen skil av praktiske grunnar mellom språkleg opplæring og litteraturlesing. J undervisninga kan dei to hovuddelane i faget til ein viss grad gå hand i hand. Den språklege opplæringa tek sikte på å betre den evna elevane har til å forstå og bruke språket rett både skriftleg og munnleg. Opplæringa i språkkunnskap tek sikte på å utvikle forståinga hos elevane av språket og dei språklege verkemidla. Denne opplæringa bør ha eit mest mogeleg praktisk preg. Dei teoretiske kunnskapane som er nødvendige, skal tene til å stø den praktiske språkbruken, dei skal ikkje vere noko mål i seg sjølv. Punkt 3.2,1.0 A i læreplanen kjem med framlegg til emne som kan takast opp. Ein bør ikkje leggje opp den språklege analysen alt for pretensiøst. Det avgjerande er at ein prøver å gje elevane forståing av den rolla språket spelar i kommunikasjonen. Dei må få innsyn i dei tilhøva som verkar inn på formuleringa til sendaren og tolkinga hos mottakaren. Det krev ei elementær innføring i ymse språkfunksjonar, i skilnaden på objektiv og subjektiv språkbruk og i korleis skrivesituasjonen verkar inn på språkbruken. SKRIFTLEG OPPLÆRING For å utvide språkkunnskapane til elevane bør ein bruke slike skriftlege øvingar som er nemnde under punkt 3.2.1.0 Ca). Øvingane må ein velje med tanke på å øve opp elevane til å bli språkleg støe, både når det gjeld det reint formelle (grammatikk, rettskriving og teiknsetjing) og evna til å variere uttrykksmåten og å finne det mest dekkjande ordet i den bestemte situasjonen. Elevane må også få ei allsidig øving i å bruke språket i samanhangande framstilling. Døme på slike øvingar er gjevne i punkt 3.2.1.0 C b).
Skann 71 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/71/