SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 66 skann 68

66 2.1.2. Tillegg for administrasjonslinja Den offentlege forvaltninga dekkjer eit vidt spekter av ulike greiner av samfunnslivet, og norskfaget på administrasjonslinja må ta sikte på å gje elevane ei norskundervisning som gjer dei i stand til å ta på seg skiftande arbeidsoppgåver innanfor den offentlege administrasjonen. Elevane skal ha opplæring i begge målformene (bokmål og nynorsk). 3. EMNEPLAN 3.1. Dei konsekvensane målet har for utvalet av fagstoff 3.1.1. Felles for begge linjene Faget norsk er eit reiskapsfag som skal vere til beinveges hjelp for elevane i arbeidet og dagleglivet. Det er derfor viktig å finne undervisningsstoff som er tilpassa interessenivået til elevane. Samtidig er norsk eit allmennfag, og i ein yrkesførebuande skole er det viktig at elevane også får oppleve språk og litteratur frå andre felt av samfunns- og kulturlivet enn det som heng beinveges saman med yrkesvalet deira. I dag spelar aviser, tidsskrifter, vekeblad og andre massemedium ei viktig rolle i samfunnet når det gjeld både opplysning og språkleg påverknad. Kjennskap til stoff frå massemedia og ei viss evne til å vurdere krevst av oss alle, og slikt stoff bor derfor få plass i undervisninga. Under arbeidet med t.d. aktuelt avisstoff må ein leggje vekt på å ove opp den kritiske vurderingsevna hos elevane. Det gjev dei betre føresetnader for å kunne danne seg sjølvstendige meiningar. Fagplanane for dei ymse faga gjev rom for integrering. Elevane bor få forståing av at alle fag behandlar ulike sider av samfunnslivet, og at dei faglege kunnskapane dei sit inne med, kan kaste lys over emne som ein tek opp i norskfaget frå samfunns- og kulturlivet. 3.1.2. Tillegg for administrasjonslinja På administrasjonslinja skal elevane bruke begge dei offisielle målformene. Men ein må rekne med at dei fleste elevane ikkje meistrar meir enn ei av målformene. Derfor er det nødvendig a leggje stor vekt på opplæringa i den andre målforma. Av dei litterære verka som elevane skal leggje opp, bør eitt vere på nynorsk og eitt på bokmål. Det vil tene til å byggje opp eit godt språkgrunnlag hos elevane. Ein bor også syte for at elevane blir kjende med saksbehandlingsterminologien på begge målformene.
Skann 68 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 66». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/68/