SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 65 skann 67

5. Læreplan. Del 2 65 I arbeidet med faget saksbehandling skal elevane utvide kjennskapen til offentleg forvaltning, saksbehandling og saksgang setje seg inn i dei viktigaste saksområda og saksbehandlingsrutinane i kommunal, fylkeskommunal og statleg administrasjon øve seg i å greie ut og behandle enkeltsaker på ein rett og rask måte i samsvar med lover, reglement og instruksar for offentleg saksbehandling. 2.1. Kommentar til målet 2.1.1. Felles for begge linjene Undervisninga må byggje på det grunnlaget elevane har frå tidlegare skolegang og eventuelle røynsler frå yrkeslivet. Det vil vere ei oppgåve for læraren å leggje undervisninga på det planet elevane er på, og å gjere undervisninga i seg sjølv motiverande nok, slik at elevane kjenner at norskfaget er viktig for alle andre fag på skolen. Ein viktig del av målet er å øve opp elevane til å uttrykkje seg klart og rett, både skriftleg og munnleg. Den språklege uttrykksevna skal elevane øve opp med varierte øvingar. Litteraturlesing er ein viktig del av opplæringa. Ein må velje stoffet med det siktemålet at det skal fremje den personlege voksteren og modninga hos elevane og gjere dei glade i å lese. Dei skal lese både skjønnlitteratur og sakprosa. Sakprosatekstane bør ein velje med tanke på at dei skal utvide livsorienteringa til elevane og utvikle ei kjensle av fellesskap med andre menneske, nasjonalt og internasjonalt. Ein må også ta omsyn til at ein del av sakprosatekstane bør vere knytte til andre fag i læreplanen. Det har mykje å seie at det stoffet ein les, verkar engasjerande. Men det bør ikkje hindre klassen i å lese "tyngre" litteratur og. Ein når eit viktig mål om læraren kan hjelpe elevane til å trengje inn i den delen av litteraturen vår som ikkje straks appellerer til dei, slik at dei kan oppleve han som anna enn dødt stoff. Når elevane les litteratur, bør dei få eit visst innblikk i dei ymse stilistiske verkemidla som forfattaren bruker. Denne innføringa bør ein leggje slik til rette at ho får verdi for det arbeidet elevane sjølve har med morsmålet. Litteraturkunnskap og litteraturhistorie tek ein med berre i den grad det stimulerer den evna elevane har til å oppleve og oppfatte skjønnlitteratur. Ein må leggje vekt på å skape gode og naturlege samarbeidsformer. Eit positivt miljø i klassen eller gruppa er avgjerande for den personlege voksteren og modninga. Det som her er nemnt, er ei viktig side av målet for opplæringa.
Skann 67 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/67/