SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 64 skann 66

64 Norsk i studieretning for handels- og kontorfag, vidaregåande kurs 1 1. ALLMENN INFORMASJON Denne planen gjeld norsk i studieretning for handels- og kontorfag, vidare gåande kurs I. 1.1. Økonomilinja Norsk har fire veketimar å 45 min. 1.2. Administrasjonslinja Norsk har fire veketimar å 45 min. og saksbehandling tre veketimar å 45 min. 2. MÅL Gjennom arbeidet med faget norsk skal elevane - lære å bruke morsmålet skriftleg og munnleg og utvikle evna til å ut trykkje seg klart, konsist og rett - utvikle evna til å søkje etter, oppfatte og oppleve dei verdiane som finst i god litteratur - lære å gjere seg nytte av dei impulsane dei kan få ved å lese god sakprosa, aviser og andre publikasjonar - skaffe seg eit godt grunnlag for si allmenne livsorientering og for personleg vokster og modning - lære å sjå seg sjølv som medlemmer av eit fellesskap som omfattar alle menneske på jorda, og styrkje evna til å vise respekt og forståing for kva andre menneske meiner og gjer.
Skann 66 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/66/