SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 62 skann 64

62 5. VURDERING Elevane skal ha to standpunktkarakterar, ein skriftleg og ein munnleg. Den informasjonen som kjem fram ved vurderinga, skal vere til nytte for eleven ved læringa i faget, for læraren i undervisninga og endeleg som grunnlag for karaktersetjing. Vurderinga må byggje direkte på målet for faget og det stoffet som blir gjennomgått. Vurderinga må vidare ha som grunnlag det arbeidet eleven gjer gjennom heile året, og må derfor ikkje berre vere retta mot kva eleven kan prestere ved bestemte prover i slutten av året. Likevel må elevar som står svakt i byrjinga av eit kurs, kunne få ein god karakter, dersom dei gjer ein god innsats seinare i kurset. Prøvinga i faget bør gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at ho kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øving. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner elevane si evne til å ordne, setje seg inn i og gjere greie for eit emne. Prøvene må ikkje berre bli reproduksjon av hugsestoff. Både skriftlege og munnlege prover bor vere av varierande slag, slik at elevane kan få syne dugleiken sin på ulike område. Ved vurderinga skal ein ta omsyn til det ekstra arbeidet som eleven har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgåver eller andre emne som eleven har arbeidd særskilt med. I målet er munnleg og skriftleg språkbruk jamstelte. Dette må ein ta omsyn til ved vurderinga slik at arbeidet med munnleg språkøving får den vekt det skal ha i opplæringa. Ved vurdering både av munnleg og skriftleg dugleik må ein leggje vekt på elevane si evne til å ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har, og kva kunnskap og innsikt dei har i emnet. Grunnlag for vurdering av munnleg dugleik vil læraren ha i det daglege skolearbeidet, ved særskilde prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orienteringar 0.1. Grunnlag for vurdering av skriftleg dugleik vil læraren ha ved ulike for- mer for oppgåver som t. d.: Oppgåver som er knytte til yrkesprega stoff som rapportar, essays og referat. Oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale. Vanleg fri stil. 6. HJELPEMIDDEL Til norskundervisninga må skolen ha (i tillegg til dei lærebøkene som elevane har): Eit godt utval av klassesett med norsk skjønnlitteratur. Klassesett med tidsskrifter som har tilknyting til nærings- og samfunns- livet. Eit utval av bransjetidsskrifter. Høvelege skolekringkastingsprogram med klassesett av teksthefte og lydband.
Skann 64 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/64/