SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 61 skann 63

61 Om samarbeid på det språklege området viser ein til det som er sagt i avsnittet Norsk - Kontorlære/Salslære. Norsk - Korrespondanse og dokumentlcere. Språkopplæring og korrespondanse har alltid hatt mange tilknytingspunkt. Det skulle vere heilt i samsvar med fagmåla at ein t.d. i språkopplæringa bruker tekstar frå korrespondansen til å kaste lys over og utdjupe språklege emne. Det kan også vere grunn til å peike på at ein ikkje har noko spesielt språk som heiter "forretningsspråk". Kriteria er dei same på eit rett, greitt og klart språk i referat, rapportar og brev som i anna skriftleg framstilling. Pa grunn av korrespondansen er det truleg best å ta språkopplæringa (punkt 3.2.3. i emnelista) tidleg i skoleåret. Norsk - Maskinskriving. Det skulle også vere mogeleg å samordne desse to faga. I faget maskinskriving arbeider elevane med å skrive av ferdige tekstar. Formålet er å få ei estetisk tiltalande oppstilling av tekstar - etter bestemte normer og ein ferdig tekst som er fri for feil. Krava til "innføring" i faget norsk og reglane for å stille opp tekstane i faget maskinskriving ser ut til å vere nokså like. Når elevane har fått ein viss dugleik på skrivemaskinen, bør dei derfor kunne levere maskinskrivne norsksvar. Lærarane i norsk og i maskinskriving bør samarbeide om slike prosjekt. I den første tida vil det truleg vere nødvendig at elevane samtaler med læraren i maskinskriving om spesielle vanskar med å skrive svar på maskin. Norsk - Kontorlære/Salslære. Det bør også vere mogeleg å samordne norskfaget og dei to hovudfaga kontorlære/salslære. Ein del av lesestoffet finn ein i avsnitt 3.2.0.1. Stoff med emne frå nærings- og samfunnslivet bør ha tilknyting til det elevane arbeider med i faga kontorlære/salslære. Elevane skal i faget kontorlære/salslære ha skriftlege prøver, jfr. eksamensreglane i desse faga. Her kan det vere mogeleg at faglæraren konsentrerer verksemda om det faglege innhaldet. Det blir enkelte gonger reist kritikk frå folk utanfor skolen om at elevane ikkje evnar å gje ordentleg uttrykk for det dei har lært. Kanskje kan dette hange saman med at morsmålsopplæringa ikkje har vore samordna med undervisninga i andre fag. Ein vil rå til å få i stand eit samarbeid mellom lærarane i faga norsk og kontorlære/salslære med sikte på ein gjensidig påverknad. Reint praktisk kan eit slikt samarbeid gå ut på at elevane i norsktimane arbeider vidare med og betrar språkleg dei skriftlege framstillingane i kontorlære/ salslære. Norsklæraren kan også sjå over svara i kontorlære/salslære for å finne ut på kva for område og på kva for måte han kan hjelpe elevar som har vanskar med den skriftlege framstillinga. Norsk - framandspråka. Ei samordning av norskundervisninga med framandspråka krev eit nært samarbeid mellom faglærarane. Ein del emne i språklæra skulle eigne seg for samordning, men dette vil nok krevje at ein samordnar undervisningsstoffet.
Skann 63 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/63/