SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 60 skann 62

60 kan løyse dei innan ein avtalt tidsfrist. Det sjølvstendige arbeidet må ta til med små oppgåver som elevane kan få unna på kort tid. Etter kvart som elevane får øving, kan ein auke omfanget av oppgåvene. Heimearbeidet er ei vidareføring av undervisninga og arbeidet pa skolen, og det er derfor viktig at det er sa nær samanheng som mogeleg mellom skolearbeidet og heimearbeidet. Ein må leggje vekt på å orientere elevane klart om oppgåvene i heimearbeidet og om korleis dei skal gripe oppgåvene an. Omfanget av heimearbeidet må vere overkommeleg på den tida eleven har til disposisjon. Læra rane i same klassen må sjå til at tida for heimearbeidet blir rimeleg fordelt mellom faga, slik at det ikkje hopar seg opp til visse tider. Elevane må ha plikt på seg til å gjere heimearbeid som er fastsett etter ei slik ramme, til rett tid, slik at ein ikkje hemjar eller seinkar undervisninga. Langlekse. I klassar der det er mogeleg for elevane å gjere storre sjølvstendige arbeid, bor ein leggje slike arbeid til slutten av skoleåret. Som grunnlag for ei såkalla langlekse kan ein tenkje seg at elevane les eit heilt diktverk, arbeider med å skrive ein storre rapport om eit yrkesfagleg emne osv. Ein kan gje langlekse til enkeltelevar eller til grupper. Læraren bor innleie arbeidet med langlekse ved å gje ramma for oppgåva og ei oversikt over det stoffet elevane skal studere/bruke. Til slutt bor læraren kontrollere resultatet. 4.4. Samordning med andre fag For at skoleåret og undervisninga skal gje eit heilskapleg resultat som samsvarer med formålet til skolen, er det nodvendig med tverrfagleg samarbeid. Elevane har vanskeleg for å bruke fagkunnskapar utanfor timane i faget. Truleg kan dei også ha vanskar i yrkeslivet med å kombinere skolekunnskapar frå forskjellige fag. I ei studieretning som var er det derfor viktig å samordne undervisninga i fag der emna er meir eller mindre i slekt med kvarandre. I fag der faglærarane meiner at dei bor ha eit tverrfagleg samarbeid, må ein få dette i stand tidleg i skoleåret, pa grunn av planlegginga av undervisninga. Det ser ut for at det er mogeleg å samordne norskfaget med mange andre fag. Norsk - Samfunns- og næringslære. Begge desse faga skal gje elevane samtidskunnskap, og det er derfor nødvendig å samordne dei. Læreplanen har hovudansvaret for at det ikkje blir for mykje "overlapping", men lærarane bør til ein viss grad samordne opplegga sine, t.d. ved å bli einige om når i skoleåret dei skal ta opp dei enkelte emna i "samfunnslæra".
Skann 62 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/62/