SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 49 skann 51

4. Læreplan. Del 2 49 4.2. Arbeidsformer Undervisningstida i faget er to timar pr. veke i 38 veker. Dette set ei stram ramme for undervisninga, og ein bør finne fram til eit opplegg for undervisninga som er mest mogeleg tilpassa klassen og kvar elev. Det er ikkje realistisk å rekne med at den effektive undervisningstida kan bli på meir enn 60 timar. Ein må avgjere etter skjønn kor stor del av dette som skal brukast på samfunnskunnskapsdelen av faget, da dei to delane av faget på mange punkt fell naturleg saman. Desse arbeidsformene kan vere aktuelle: Übundne munnlege aktivitetar som omfattar lærarfore drag, gjennomgåing av stoff og oppgåver og orientering frå læraren, samtalar mellom læraren og ein elev og samtale mellom to elevar. Det skulle ikkje vere særleg stort behov for å eksaminere ein og ein elev når ein arbeider med faget. Ordskifte vil ofte gå for seg som klasse- eller gruppediskusjon. Men det er viktig at ein prøver å øve elevane i å vere med i debatt, slik at det blir lettare for dei å ta del i diskusjonar og meiningsutvekslingar også etter at dei er ferdige med skolen. Tekstlesing vil vere aktuelt for delar av faget, som t.d. skjønnlitteratur og stoff til emne i samfunnskunnskapsdelen, utgangspunkt for diskusjon eller som grunnlag for skriftlege oppgåvesvar. Oversiktslesing skal øve elevane i å setje seg inn i hovudtrekka i eit emne. Fordfupingslesing skal hjelpe elevane til å forstå eit stoff, gjerne i detalj. Ein kan t.d. lese arbeidsskildringar, kontraktar, rapportar, fagstoff (i andre fag) og annan sakprosa. I tillegg kan det vere aktuelt å lese skjønn litterære tekstar som fordjupingslesing med tanke på å samtale om innhaldet og synsmåtane i teksten. Skriftlege oppgåve former vil etter emneplanen omfatte fleire ulike oppgåvetypar, som t.d. søknader, brev, rapportar, referat, meldingar og eventuelle andre lettare eller meir krevjande oppgåver. I dei skriftlege oppgåvene bør ein så langt det er naturleg ta omsyn til den faglege tilknytinga elevane har, og til yrkesinteressene deira. 4.3. Undervisningsformer Læraren og elevane bør samarbeide om ein framdriftsplan for undervisninga og for korleis ein kan veksle mellom ulike undervisningsformer, slik at opplegget blir både variert og målretta. Undervisninga bør veksle mellom klasseundervisning der heile klassen er samla om eit emne (t.d. samtale eller foredrag), og gmppearbeid der nokre elevar arbeider saman om ei oppgåve. Gruppene må vere organiserte slik at kvar elev kan ta aktivt del ut frå sine føresetnader. Elevane må
Skann 51 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/51/