SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 50 skann 52

50 også kunne arbeide med individuelle oppgåver på område der det er formålstenleg. Sidan faget berre har to veketimar, er det viktig at elevane i desse timane blir aktiviserte mest mogeleg. Ein bør derfor berre bruke storklasseundervisning i svært avgrensa monn. Størstedelen av arbeidet med faget bør.gå for seg på skolen, men der forholda ligg slik til rette, bør elevane også kunne gjere litt arbeid heime. Høvelege heimeoppgåver kan t.d. vere enkle skriftlege oppgåver, tekstlesing (skjønnlitteratur eller sakprosa) som skal danne grunnlaget for klassediskusjon, førebuing til samtale eller kort foredrag om eit sjølvvalt emne I klassar der det er innslag av vaksne elevar med yrkesroynsle, kan desse elevane kanskje til tider få prøve seg som assistentlærarar. 4.4. Koordinering med andre fag Emne som t.d. rapportskriving, arbeidslivsorientering og andre delemne i samfunnskunnskapsdelen av faget innbyr til undervisningssamarbeid med andre fag, t.d. med yrkeslære/yrkesfag og økonomi. Litteraturen kan innby til å samarbeide med yrkeslære, familiekunnskap 0.1. Læraren og skolen kan i visse høve finne det formålstenleg å invitere folk utanfrå til å ta opp spesielle emne, t.d. etikk, seksualopplysning og arbeidslivsorientering. Der det er praktisk mogeleg, er det ønskjeleg om skolen engasjerer folk frå arbeidsformidlinga på staden for å gje elevane førstehandsorientering om korleis dei skaffar seg arbeid, om arbeidsmarknadsforholda og vidareutdanning i det fagområdet dei har valt. Ei slik orientering bor ein gje i slutten av skoleåret, og ein bør leggje ho til andre timar enn norsktimane med samfunnskunnskap, t.d. til timar i valfag. 5. VURDERING Elevane skal ha ein standpunktkarakter når dei er ferdige med kurset. Vurderinga må byggje på målet for faget og det stoffet som blir gjennomgått. Karakteren for arbeidet gjennom året byggjer på prestasjonane i munnleg og skriftleg bruk av språket, der ein legg like stor vekt på munnleg som på skriftleg. Når ein vurderer, skal ein ta omsyn til det eventuelle ekstra arbeid som eleven har gjort i faget, t.d. foredrag eller utgreiing. Prøver i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at dei kan motivere og fremje læringa. Det er viktig at eventuelle prøver så langt det er mogeleg har karakter av øving, og viser i kva grad elevane har tileigna seg stoffet og kan gjere greie for det. Samtalar i klassen og munnlege og skriftlege prøver bør variere, slik at elevane kan få vise kva dei kan på ulike område.
Skann 52 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/52/