SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 41 skann 43

41 Når det gjeld pensum, skal hovudvekta liggje på samisk originallitteratur. Ein bør ikkje avgrensa litteraturlesinga til det ein skal bruke som pensum. Talet på sider av litteraturutval kan ein ikkje utan vidare setje opp mot det som gjeld for det tilsvarande norskfaget, fordi elevane har ulikt utgangspunkt når det gjeld tidlegare undervisning i desse faga. Ei allsidig litteraturlesing vil krevje ei viss innføring i dei ulike skriftnormalane som har vore brukte i nordsamisk. Ein må vere klar over at ein ikkje utan vidare kan bruke nemningar frå ikkje-samisk litteraturanalyse. Ein må ikkje setje unødvendige skilje mellom den munnlege og skriftlege uttrykksforma i undervisninga. 3.5. Omfanget av hovudmålsundervisninga (Litteraturpensumet i samisk hovudmål er ikkje fastlagt enno.) 3.6. Omfanget av sidemålsundervisninga Sidemålsundervisninga i samisk bør omfatte eit tekstutval på minst 100 sider til fordjupingslesing og 150 sider til oversiktslesing over tre år. Pensumet ved den avsluttande eksamen det 3. året bør vere mellom 150 og 200 sider, minst halvparten som fordjupingslesing. Omfanget av det litterære pensumet er avhengig av det totale timetalet ein får til sidemålsundervisninga. Dessutan må ein justere tekstomfanget etter tilgangen på tilrettelagde læremiddel og etter røynslene som ein får. 1 undervisninga i språkkunnskap må ein korte inn bolkane V—VIL 4. ARBEIDSMÅTAR Morsmålsundervisninga skulle høve for ei elevsentrert undervisning dersom ein lét det språklege grunnlaget hos kvar elev vere utgangspunktet for å øve inn ein samlande ortografi og å utvikle den skriftlege forminga. Ei av arbeidsformene bør vere at elevane arbeider i grupper med å finne rettleiing for korleis dei skal bruke skriftnorma, jamført med deira eige talemål. Gruppene kan vere samansette av elevar frå eitt dialektområde eller av elevar frå ulike dialektområde. Det vil høve best at kvar gruppe arbeider saman over lengre periodar. Når normaliseringsundervisninga tek til, kan denne forma for gruppearbeid snøggare gje læraren tilfang for vidare rettleiing.
Skann 43 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 41». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/43/