SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 40 skann 42

40 Det er viktig å følgje ein gjennomtenkt progresjon både på kvart årssteg og frå år til år når det gjeld vanskegraden i dei skriftlege oppgåvene. 3.3. Språkkunnskap Innføringa i språkkunnskap skal vere med på å gje elevane ei sikker kjensle av korleis språket fungerer, og gjere dei i stand til å bruke det rett og godt. Det er derfor viktig å samordne den teoretiske språkkunnskapen med praktiske øvingar. Emneliste I Ortografi og formverk II Språklege uttrykksmiddel: generell syntaks verbale uttrykk nominale uttrykk 111 Avleiing IV Modulering og nyansering: ordvalør ordfølgje suffiks partiklar V Skriftnormalar i nordsamisk VI Dialektkunnskap: hovudskilnad mellom dei nordsamiske målføra hovudskilnader mellom austsamisk, nordsamisk og sørsamisk eit utval dialekttekstar på om lag 15 sider VII Språkhistorie VIII Omsetjing og tolketeknikk 3.4. Litteratur Arbeidet med litterære tekstar av forskjellige slag skal gje elevane grunnlag for ei rikare forståing og oppleving av litteraturen. Elevane som følgjer morsmålsundervisninga i samisk, skal få ein allsidig kjennskap til det som er forma på samisk av prosa og poesi. Litteraturutvalet skal innehalde eventyr, segner, anekdotar, joiketekstar, heile bøker eller utdrag av bøker, essay og avisartiklar. Ved litteraturlesinga bør ein særleg vere merksam på den nye samiske litteraturen i prosa og poesi. I tillegg bør det vere med eit utval omsetjingar av religiøs litteratur, stykke frå nordisk litteratur eller frå verdslitteraturen, dessutan brosjyrar og opplysningsskrifter.
Skann 42 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 40». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/42/