SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 42 skann 44

42 5. VURDERING For kvart årssteg skal elevane ha ein standpunktkarakter i samisk skriftleg og ein standpunktkarakter i samisk munnleg. Vurderinga må byggje på målet for faget og det stoff som blir gjennomgått. I målet er munnleg og skriftleg språkbruk jamstelte. Dette må ein ta omsyn til ved vurderinga, slik at arbeidet med munnleg språkøving får den vekt det skal ha i opplæringa. Både når ein vurderer den munnlege og skriftlege dugleiken, må ein leggje vekt på om elevane kan ordleggje seg greitt og rett, kor rik språkføring dei har, og kva for kunnskap og innsikt dei viser. Ein skal også ta omsyn til det ekstra arbeidet som elevane har gjort i faget, t.d. foredrag, skriftlege særoppgåver eller andre emne som eleven har arbeidd særskilt med. Grunnlaget for å vurdere den munnlege dugleiken vil læraren ha i det daglege skolearbeidet, ved særskilde prøver og ved særlege oppgåver som elevane tek på seg, t.d. foredrag, orienteringar 0.1. Grunnlaget for å vurdere den skriftlege dugleiken vil læraren ha i ulike former for oppgåver som t.d.: Oppgåver som er knytte til yrkesretta stoff (brev, søknader, rapportar) Oppgåver som er knytte til ein tekst eller eit samansett tekstmateriale. Vanleg fri stil. I sidemålet må oppgåvene vere noko enklare enn i hovudmålet. Elevar som har samisk som hovudmål eller sidemål, bør få oppgåver av om lag same vanskegrad som oppgåvene i norsk hovudmål eller norsk sidemål på same årssteget. Prøver i faget må gå inn som ein naturleg del av undervisninga, og slik at dei kan motivere og fremje læringa. Prøvene bør så langt råd er ha karakter av øving. Det er om å gjere å finne fram til prøver som syner om elevane kan setje seg inn i, ordne og gjere greie for eit emne. Skriftlege prøver bør , ariere slik at elevane kan få vise kva dei kan på ulike område. 6. LÆREMIDDEL Til undervisninga i nordsamisk trengst eit læreverk som omfattar desse bolkane: I Elementær innføring II Innføring i skriftspråknormalen 111 Språkøving IV Leseverk, med oppgåver i gransking av språkbruk og litterær fram- stilling V Språkhistorie VI Litteraturhistorie
Skann 44 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 42». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/44/