SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 39 skann 41

39 omsyn til ei tydingsnormering. Den tydinga eller nyansen som har størst utbreiing, må ein rekne som hovudnorma inntil ei litterær norm har festa seg. Ord av samisk opphav skal ha føremonn. Tydingskifte og tydingsnyansar i grunnord og ordformer i dei samiske målføra gjer det nødvendig å leggje mye vekt på øvingar i tolking og presisering. Dette bør ein sjå i samanheng med omsetjingsøvingar og undervisning i tolketeknikk. Når elevane skal lære å bruke ei sams skriftform, vil det vere heldig å gjere dei i stand til å sjå sine eigne lyd- og ordformer i forhold til ortografien og formverket i skriftnorma. Det bør såleis bli mogeleg for dei å kontrollere den rettskrivinga dei bruker ut frå si eiga munnlege dialektform. Når ein skal setje elevane inn i skriftnormalen, bør ein derfor freiste å få til ei individuell jamføring med lydsystemet og formverket i målføret til kvar elev. Som skriftlege øvingsoppgåver kan ein den første tida bruke attforteljing, eller diktat der det er tenleg, ved sida av små friare oppgåver. Ein bør vere varsam med å bruke omsetjing til samisk før elevane får undervisning i ordlagingslære. Etter kvart må elevane få varierte øvingsoppgåver, slik at dei kan lære å bruke språket best mogeleg i ulike samanhengar. Elevane må få arbeide med oppgåver innanfor kvar av desse fire hovudgruppene, i enklare eller vanskelegare utforming: 1) Sak/situasjonsbestemte oppgåver: sakleg skildring, utgreiing omsetjing rapport, referat (frå tekstar/bandopptak) samandrag kommentarar (til tekstar/bandopptak) oversikt 2) Personleg prega framstillingar: skildring, skisse forteljing brev,lesarbrev personleg forma essay tolking av litterær tekst novelle, dikt 3) Resonnerande framstillingar: resonnerande oppgåver, gjerne med vurdering argumentasjon og/eller dokumenterande oppgåver debattinnlegg tolkingar og presiseringar 4) Yrkesretta oppgåver: forretningsbrev og søknader arbeidsrapportar fullmakter og avtalar
Skann 41 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 39». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/41/