SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 141 skann 143

141 idrettslag, eller for den velferds- og fritidsverksemda som skolen elles måtte drive, å arrangere dei. 4.4. Samordning med undervisninga i andre fag Kroppsøvingsfaget har stoff som også andre fag har med i planane sine. Ein bør ikkje vere redd for dobbeltkøyring. I kvart enkelt fag blir det undervist i stoffet ut frå ulike føresetnader og mål. Dette kan gjere emnet meir meiningsfylt for elevane. Kroppsøvingslæraren bør bl.a. samarbeide med lærarane i norsk, samfunnsfag og naturfag. Somme emne ligg i grenseområde mellom fleire fag. I slike emne må lærarane i fellesskap planleggje og samordne undervisninga. I studieretningar for yrkesfag må det vere eit nært samarbeid med lærarane i arbeidsteknikk. Døme på emneområde som er sams for fleire fag: Emne om friluftsliv, natur- og miljøvern Idrett som samfunnsfaktor Kroppens anatomi og fysiologi Kropps- og kroppsrørslemekanikk Helsevern og førebygging av arbeidsulykker 5. VURDERING Elevane skal ha ein standpunktkarakter etter kvart årssteg. Ved vurderinga må ein ta utgangspunkt i dei måla ein har for undervisninga. Det er viktig at både læraren og elevane har klart for seg kva dei vil med faget, og kva for mål dei i første rekkje skal arbeide mot. Enda viktigare er det at læraren blir godt kjend med kvar elev, slik at han blir i stand til å hjelpe eleven når han treng det. Læraren må hjelpe den enkelte eleven til å vurdere arbeidet og framgangen han gjer. Ei rekkje kroppslege eigenskapar kan målast forholdsvis objektivt. Læraren kan derfor danne seg eit bilete av kvar eleven står på dei felta målinga gjeld. Dersom vurderinga skal vere til noka hjelp for den enkelte, må eleven bli vurdert ut frå eigne føresetnader. Dette krev at læraren til kvar tid følgjer med på korleis eleven utviklar seg. Det ein i første rekkje bør observere, er kva evne eleven har til å forstå korleis kroppen fungerer, og korleis øving kan påverke det. Den evna eleven har til å utnytte dei kroppslege eigenskapane, og i kor stor monn han forstår å bruke kroppen rett, skal også vere med i vurderinga. Grunnlaget for vurderinga må vere eit heilskapsbilete av kvar elev og dei føresetnadene han har. Studieretningar for yrkesfag som hittil ikkje har brukt karakter i faget, skal heller ikkje bruke karakterar etter den nye planen for kroppsøving/ fysisk fostring.
Skann 143 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 141». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/143/