SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 142 skann 144

142 6. HJELPEMIDDEL Så langt råd er bor skolen ha nok undervisningsmiddel for kroppsøvinga. For undervisninga i det teoretiske lærestoffet er det ein fordel med eit eige rom i nær tilknyting til gymnastikksalen, særleg er det aktuelt for skolar som har tilbod i valfag 11, eller som har studieretning for idrettsfag. Skolebiblioteket bor ha litteratur som også dekkjer alle område av dette faget. Saman med biblioteket bor ein ha ei samling med plansjar, organmodellar, platespelar, lydband, filmslyngeapparat med slynger, diasframvisar m.m. Elevane må gjere seg kjende med det som finst av hjelpemiddel, og lære å bruke dei. Det er ei viktig oppgåve for læraren å inspirere elevane til å bruke hjelpemidla mest mogeleg. Pa større skolar er det onskjeleg a ha eige aktivitetsrom med allsidig utstyr for å trene opp styrke, kondisjon og spenst. Eit slikt rom kan forenkle timeplanlegginga og vere til hjelp når det gjeld å fa onskjeleg valfridom i faget. Grupper av elevar kan arbeide her mens andre elevar får storre plass for anna arbeid i gymnastikksalen. På denne maten kan ein fa til innandørs ballspel. Ved nye skolar bor derfor aktivitetsrom pa 80-100 m 2 ga inn i kroppsøvingsanlegget. Dersom skolen har fleire rom. kan ein setje av dei mindre romma til aktivitetar som bordtennis, bogeskyting (evt. tilfluktsrom), biyting m.m. I slike hove kan skolen gje elevane allsidige valtilbod. Ved eldre skolar kan det vere vanskeleg å fa til eit stort aktivitetsrom, men dersom ein ved ominnreiing kan fa det til. bor det gjerast. Takhogda treng ikkje vere spesielt stor. men rommet bor neppe vere mindre enn ca. 25 m 2. Skolane bor ha uteareal for dei mest vanlege utandorsidrettane som fotball, handball, basketball, friidrett og skeiser. I tillegg bor ein kunne merkje opp asfalterte flater for volleyball, badminton, tennis og ball-leikar som langball, baseball, kanonball m.m. Desse aktivitetane kan elevane i hog grad også dyrke utanom kroppsøvingstimane. Skolane bor ha tilgjenge til symjehall.
Skann 144 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 142». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/144/