SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 140 skann 142

140 Av ulike grunnar er kroppsøvingsemna bundne av kunnskapstileigninga. Det kan derfor i visse tilfelle vere uheldig å slå saman delar av klassar frå ulike klassesteg. Faginnhaldet tilseier ikkje lenger ei stram deling etter kjønn slik som før. Skolane bor prove å halde på normal klassedeling også i kroppsøvingstimane, med elevar av begge kjønn. Ein hadde før berre enkelttimar i kroppsøving for å få fleire øvingsdagar i veka. Det er grunn til å tru at faget er betre tent med at ein til ein viss grad bruker dobbelttimar. TILPASSING TIL LOKALE FORHOLD Tilpassing til lokale forhold er truleg viktigare i kroppsøvingsfaget enn i noko anna fag. Syslar som ein kan setje i gang ein stad, er det kanskje uråd å få til andre stader fordi lokala/uteareala/omlandet/klimaet ikkje passar. Tilpassinga må altså i stor grad verke inn pa valet av idrettslege aktivitetar, men derimot ikkje på undervisninga i kunnskapsemna. Høve til friluftsliv og idrettslege øvingar vil variere sterkt. Kvar skole må derfor sjølv vurdere korleis ein i størst mogeleg grad kan nå målsetjinga for planen. KROPPSOVINGSDAGAR Både kroppsøvingslærarane, andre lærarar og elevane må vere med på å førebu og planleggje kroppsøvingsdagane og vere med når aktivitetane går for seg. Ein rna ta omsyn til at meininga med dagen er at elevane i storst mogeleg grad får hove til å velje øvingar som dei sjølv ønskjer og har lyst pa. Kroppsøvingsdagane skal vere dagar der elevane får dyrke særinteresser, skaffe seg mosjon og rekreasjon. Dagane skal vere til glede både for eleven og for læraren. Hovudmeininga med kroppsøvingsdagane er å motivere elevane til a arbeide innanfor idretts- og friluftslivet. Kroppsovingsplanen har også som mal å gjere elevane kjende med ymse sider av natur- og miljøvernarbeidet. Slike oppgåver kan ein og knyte til kroppsøvingsdagane. Ein til to dagar kvart år kan brukast til kroppsøving, idrett og friluftsliv. Ein kan dele dagane i halve dagar. Kvar skole disponerer dagane etter eiga vurdering, som bla. må ta omsyn til lokale forhold. MERKEPROVER Somme kroppsovingsdagar bor ein bruke til forskjellige former for aktivitetar. Dersom elevane liker det, kan ein også ha merkeprover. Men ein må vere varsam med a bruke det obligatoriske timetalet til merkeprover. Slike prøver bør ein ha i valtimane og berre dersom elevar eller elevgrupper ønskjer det. Elevane bor kunne kontrollere kvarandre. Dersom skolen onskjer fleire merkeprover enn ein kan makte pa kroppsøvingsdagane eller i valtimane, må det vers ei oppgåve for nærliggjande
Skann 142 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 140». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/142/