SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 139 skann 141

139 sikre at elevane vil halde fram med kroppsøving i fritida også etter avslutta skolegang. Sjølvstendig arbeid i kroppsøvingsfaget kan bli organisert på ulike måtar. I det kunnskapsretta stoffet bør elevane ha lett tilgjenge til litteratur og anna materiell for sjølvstudium. Læraren bør oppmode elevane til å bruke studiemateriell flittig, både i skoletida og heime. Spesielt i treningslæra og rørslelæra vil utprøving og drøfting eigne seg godt for gruppearbeid. Gruppearbeid passar også for analyseoppgåver henta frå anatomi/fysiologi. I alt arbeid som har emne frå friluftsliv og idrett, bør kvar elev følgje sitt eige tempo eller sitt eige opplegg; han bør ha si eiga målsetjing for arbeidet. Kroppsøving bør vere mosjon og rekreasjon for eleven, men kan og vere grunnlaget for å arbeide mot betre idrettsprestasjonar. MÅLING AV FYSISKE KVALITETAR Oppgåva til kroppsøvingsfaget ligg først og fremst i å betre dei kroppslege eigenskapane hos elevane. Timetalet gjer at ein i skoletida berre kan kome over ein del av arbeidet. Elevane må derfor gjennom teori og praktiske døme lære korleis dei sjølve kan utvikle og halde ved like kroppen sin. Læraren skal leggje mest mogeleg objektive mål på arbeidet med elevane og leggje vekt på at arbeidet mot målet blir meiningsfylt. Å bruke prøver kan vere eit hjelpemiddel som kan kome til nytte for både læraren og eleven. Læraren bør kunne organisere individuelle prøver som generelt tek sikte på å vurdere fysiske kvalitetar, styrken i dei største muskelgruppene, kor rørlege dei viktigaste ledda er, kor uthaldande eleven er, og kva evne han har til å utføre samordna arbeid. I alt arbeid med prøvene bør ein setje elevane grundig inn i metodikken, slik at også elevane kan prøve kvarandre eller seg sjølve. I samband med dette må læraren presisere at det skal vere like forhold ved prøvene, når det gjeld tid for oppvarming på førehand, tid på dagen, apparatoppstilling, belastningar, krav til at rørslene er like, talet på repetisjonar 0.1. 4.3. Organisering av undervisninga Lærestoffet er sams for gutar og jenter. Kvar enkelt elev vel sjølv aktivitetar innanfor friluftsliv og idrett i valfaget. Lokale forhold avgjer ramma for aktivitetane. I timar med idrett bør ein sjå på alle klassar som har kroppsøving samtidig, som ein einskap, slik at så mange som mogeleg av elevane kan få oppfylt sine ønske når det gjeld å velje øvingar. Leiinga ved kvar enkelt skole bør derfor samordne undervisninga slik at desse valfagtimane blir parallellagde for fleire klassar.
Skann 141 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 139». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/141/