SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 138 skann 140

138 4. ARBEIDSMÅTAR 4.1. Dei konsekvensane målet har for arbeidsmåtane i faget Målet presiserer sterkt at elevane skal lære å bli sjølvhjelpne i arbeidet med å halde ved like og utvikle si fysiske og mentale helse. Ein må leggje vekt på at opplæringa skal hjelpe elevane til å akseptere at fysisk oving og rekreasjon er ein naturleg del av dagleglivet. Særleg er dette viktig der nærmiljøet kan leggje hindringar i vegen for slik verksemd. Elevane må få arbeide med oppgåver som er i samsvar med eigne interesser, og som kan fremje initiativ og skape arbeidsglede. Ein må leggje oppgåvene slik til rette at dei best mogeleg høver for den enkelte eleven. Ved ulike arbeidsmåtar må så elevane få variert erfaring med rørsler, slik at dei kjenner sin eigen kropp og veit korleis dei skal bruke han i ulike situasjonar. Undervisninga skal også lære elevane kva idrett og friluftsliv har å seie for miljøet og samfunnet. Dette bør også vere ei rettesnor når dei vel arbeidsmåtar. 4.2. Arbeids- og undervisningsformer Kunnskapsinnlæringa skal ein leggje opp ved å velje aktivitetar ut frå eit bestemt siktemål, deretter skal teoretisk stoff klargjere bakgrunnen og siktemålet. Målet er å setje elevane i stand til å vurdere sin eigen aktivitet og sjølv oppdage korleis rørslene bør vere. I mange høve kan det vere best å la elevane sjå og vurdere korleis andre gjer arbeidet eller rørslene. Læraren og elevane bør samarbeide når dei skal velje arbeidsmåtar og aktivitetar. Når dei vel, må dei ta omsyn til ønske og føresetnader hos elevane, til emne og lokale forhold. God motivasjon og effektiv læring bør ein kunne oppnå ved å tilfredsstille behova for aktivitet/rekreasjon, sosial omgang, sjølvstende og "det å lykkast". Ein bør derfor finne arbeidsformer som kan gje slike opplevingar. Ein må ha så mye å velje mellom at alle kan finne fysiske aktivitetar som dei meistrar og har glede av. God tid kan stimulere opplevinga, derfor kan det vere bra med dobbelttimar. Målet er ikkje å oppnå prestasjonar i enkeltaktivitetar, men elevane bør få øving i treningsprinsipp og bruk av hjelpemiddel. Praktisk opplæring, individuelt eller i grupper, er den beste arbeidsforma. Der det er ønskjeleg og mogeleg, bør teknisk og praktisk lærescoff samordnast. Ein må ha plansjar, litteratur 0.1. for handa så ein lett kan finne bakgrunnstoff når det trengst. Læraren skal leggje til rette, organisere og rettleie,, men gjerne ta elevane med på råd. SJØLVSTENDIGE ARBEIDSFORMER I undervisningstida bør ein til ein viss grad prøve å la elevane arbeide sjølvstendig med faget der det er praktisk mogeleg, og når det kan gjerast utan at det faglege utbytet blir vesentleg redusert. På den måten kan ein best
Skann 140 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 138». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/140/