SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 134 skann 136

134 Kroppsøving/fysisk fostring 1. GENERELL INFORMASJON Fagplanen gjeld kroppsøving/fysisk fostring som felles allment fag, men han kan også brukast for begge valfaga. Kvart årssteg disponerer desse timetala: 1. året 2. året 3. året Studieretningar for yrkesfag 2 2 2 Studieretning for allmenne fag 3 2 3 Valfag I 2 2 2 Valfag II 2 3 5 Dei ulike kursa har ikkje fastsette minstekrav. Kvart årskurs er ei avslutta eining - men gjev høve til vidare utbygging, vertikalt eller horisontalt. Ein gjer elles merksam på at det for 1-årige og 2-årige grunnkurs i studieretning for idrettsfag er utarbeidd ein eigen fagplan, som ein finn i bind 3 G av læreplanverket. Denne planen kan også vere nyttig for valfag II i studieretning for allmenne fag. 2. MÅL Gjennom faget kroppsøving/fysisk fostring skal elevane - skaffe seg rekreasjon i skoledagen og oppleve glede ved idrett og friluftsliv - auke kjennskapen sin til dei ulike former for fysisk aktivitet og dermed få grunnlag for å velje og utvikle fysiske rekreasjonsformer - få forståing for at fysiske aktivitetar bør vere ein naturleg del av dagleglivet, og at både det enkelte mennesket og samfunnet har ansvaret for fysisk fostring og helsevern - få kunnskap om korleis kroppen er oppbygd og verkar, ng få røynsler for korleis fysisk trening kan påverke kroppsrørslene
Skann 136 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 134». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/136/