SKARD English

R76 · Kjernefag, vgs · 1976 s. 135 skann 137

135 få kunnskap om korleis dei skal ta vare på kroppen utvikle sjølvdisiplin, hjelpsemd, samarbeidsvilje og leiarevne. 3. EMNEPLAN 3.1. Dei konsekvensar målet har for utvalet av fagstoff I kroppsøvingstimane skal elevane røyne og lære korleis fysisk øving held ved like og betrar kroppsfunksjonane. Vidare skal dei lære korleis dei kan førebyggje skadeverknader ved arbeid og fysisk aktivitet ved einsidig arbeid eller uheldige stillingar og rørsler og korleis fysisk aktivitet kan gje velvære og rekreasjon. Denne undervisninga skal ein knyte saman med tilpassa kunnskapsstoff som kan gje djupare innsyn i fysiske og mentale reaksjonar i arbeidssituasjonen, slik at faget blir meiningsfylt. Undervisninga tek sikte på å motivere elevane for fysisk aktivitet utover skoletida. Ein må ha med sikringsreglar ved friluftsliv og idrett og stoff knytt til natur- og miljøvern, arbeidsmiljø, ressursar og økologi. Det er ein føresetnad at kvar enkelt elev eller elevgruppe så langt råd er får høve til å velje aktivitetar. 3.2. Emneliste Emna bør ein hente frå desse hovudområda: 1. Treningslære 2. Rørslelære og arbeidsteknikk 3. Anatomi og fysiologi 4. Helselære 5. Friluftsliv og sikringsreglar, natur- og miljøvern, økologi 6. Idrett og leik 7. Skapande verksemd og andre aktivitetsformer. Målet for faget bør ein helst prøve å nå gjennom den fysiske aktiviteten. Lærestoff frå dei teoretiske hovudemna skal klargjere den praktiske verksemda og vere samordna med den. Framlegg til emne som det kan vere naturleg å arbeide med: Treningslære Trening for å nå maksimalt oksygenopptak og utnytte det Trening for å opparbeide evna til å tåle oksygenmangel Trening av muskelstyrke maksimal dynamisk muskelstyrke uthaldande dynamisk muskelstyrke uthaldande statisk muskelstyrke Prinsipp for motorisk læring Reaksjonstrening (løp, spenst, snert m.m.) Øving av rørsler førebuande leddutslag (oppvarming)
Skann 137 av R76 · Kjernefag, vgs · 1976
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «R76 · Kjernefag, vgs · 1976, s. 135». Versjon 2026-09-28. /planer/r76/r76-kjernefag-1976-komplett/s/137/