SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 96 skann 98

Arbeidsmåtar Somme hovudemne er både lærestoff og ein måte å arbeide på. Under hovudemnet Bibelen skal elevane arbeide med faktastoff om Bibelen. Samtidig må elevane hente stoff frå Bibelen til dei andre hovudemna. Arbeidet med kyrkja og kristenlivet på heimstaden skal gje kunnskap om lokalsamfunnet. Men lokalsamfunnet kan samtidig aktualisere og konkretisere stoff frå fleire av dei andre hovudemna. Elevane sitt engasjement i og tilknyting til lokale foreiningar, klubbar og lag må brukast som ein ressurs i undervisninga. Besteforeldre, foreldre, barneog ungdomsleiarar og eldre medelevar kan halde foredrag eller intervjuast. Deltaking i praktisk, sosialt og kulturelt arbeid kan og gje verdifulle impulsar til kristendomsundervisninga, og vere med på å setje kristendommen inn i ein praktisk og funksjonell samanheng. Den levande forteljinga må få rikeleg rom i undervisninga. Felles opplevingar gjennom forteljing, song og musikk er viktige for å skape innleving og forståing i faget. Metodar som vender seg til fantasi og kjensleliv, og som tek i bruk skapande evner hjå eleven, må få brei plass i faget. Pedagogisk drama kan på ein særleg måte aktualisere stoffet og skape engasjement. Mykje av stoffet i dette faget treng å verte drøfta og gjennomarbeidt i samtalar. Ulike metodar for arbeid i grupper, utvikla dei siste åra, vil derfor vere særleg tenlege i kristendomsfaget. Det er viktig at det er samsvar mellom det elevane lærer, og måten dei lærer det på. Så langt råd er, må undervisninga knytast til aktuelle livssituasjonar, og elevane må få praktisere omsorg, ta ansvar og vise respekt for andre i skolefellesskapet. Læremiddel Bibelen er det sentrale hjelpemiddelet i faget, og elevane bør ha tilgjenge til kvart sitt eksemplar, helst frå 4. årssteg. I tillegg er det aktuelt å nytte andre læremiddel, mellom anna salmebok, katekisme og ulike medium. Ein må og ta i bruk og utnytte litteratur som aktualiserer religiøse og etiske spørsmål, til dømes barne- og ungdomslitteratur, dikt og skildringar frå livet til kjende kvinner og menn. Hovudemne og delemne GUD OG SKAPARVERKET Saman med dei andre emna skal dette emnet vere med på å gje elevane kunnskap om den treeinige Gud. Ulike sider ved Gud, at han har all makt, er heilag, rettvis og kjærleg, at han er fjern, men samtidig nær, må understrekast, slik dette går fram både av Det gamle og Det nye testamentet og truslæra. Lærestoffet må gje elevane hjelp til å utvikle eit bilete av Gud som er i takt med deira personlege modning. 1 dette hovudemnet legg ein likevel særleg vekt på Gud som skapar og den som held alt ved lag. Ein tek opp tilhøvet mellom Gud og skaparverket og mellom mennesket og naturen. Forvaltaransvaret, respekt for livet og ansvarleg
Skann 98 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 96». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/98/