SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 95 skann 97

95 Til saman skal undervisninga gje eit samla og levande bilete av Jesus Kristus, og gje kunnskap om sentrale kristne omgrep. Arbeidet med Bibelen er grunnleggjande i alle hovudemna, og det er viktig at elevane får rettleiing og øving i å bruke han. Derfor er hovudemna Jesus, Bibelen og menneske og den kristne trua dei mest omfattande emna. Andre religionar og livssyn er det minst omfattande emnet og har eit naturleg tyngdepunkt på ungdomssteget. Alle hovudemna er med under kvar treårsbolk. Det er naturleg å gje dei mest omfattande hovudemna størst rom i undervisninga. Hovudemna kan likevel få ulik vekt og omfang på ulike årssteg. Det kan la seg gjere å sløyfe eit eller fleire hovudemne på eit klassesteg, men innanfor treårsbolken må alle emna vere med. Lærestoffet og det ein skal leggje vekt på i kvart hovudemne, går fram av teksten til dei ulike emna. Med til lærestoffet høyrer og bibeltekstane og salme- og songutvalet, som er lista opp etter hovudemna. I arbeidet med delemna på dei ulike klassestega kan sjølvsagt og andre tekstar, salmar og songar trekkjast inn. Delemna og stikkorda konkretiserer stoffet i hovudemneteksten og syner progresjonen mellom dei ulike årsstegsbolkane. Det er ein indre samanheng mellom hovudemna, og fleire hovudemne utfyller kvarandre. Det er lagt vekt på at mellom anna etiske spørsmål og religiøse ytringsformer kan takast opp under fleire hovudemne. I det lokale læreplanarbeidet må ein derfor sjå hovudemna, delemna og stikkorda i samanheng. Rekkjefølgja av delemna kan ein snu på, men ein må sjå dei i samanheng med delemne under andre hovudemne. I somme høve kan det vere naturleg å arbeide med tema som går på tvers av fleire hovudemne. Lærestoff om eit tema som til dømes menneske som møtte Jesus, kan hentast frå mellom anna desse hovudemna: Jesus, menneske og den kristne trua, kyrkja og kristenlivet på heimstaden, kyrkja gjennom tidene. Stoff frå etikkemna kan og nyttast i samband med eit slikt tema. I arbeidet med å leggje årsplanar må ein ta omsyn til kor gamle og kor modne elevane er, når ein skal vurdere samanstilling av hovudemne og vektlegging av delemne. Stofftilfanget i hovudemna ligg og til rette for tverrfaglege opplegg og prosjektarbeid i samband med mange fag: norsk, musikk, orienteringsfag, naturfag, samfunnsfag, heimkunnskap og forming. Det er særleg aktuelt i emne som gjeld familiekunnskap, samlivslære, rusgifter, natur- og miljøvern, og i samband med undervisninga om andre religionar og livssyn. Dersom ein skal arbeide tverrfagleg med til dømes temaet mobbing, er det aktuelt å hente stoff frå desse hovudemna i kristendomsfaget: du og eg, fellesskap og samfunn, menneske og den kristne trua, andre religionar og livssyn. Song og musikk står sentralt i kristendomsundervisninga, og høyrer med under alle hovudemna. Salmar, kristen song og musikk er og ei viktig kjelde til å forstå kva kristendommen har å seie for einskildmennesket og for det kristne fellesskapet. Elevane må få kjennskap til eldre salmedikting og til det som skjer i det kristne song- og musikklivet i dag. Ved å lytte til kyrkjemusikk og syngje songar og salmar kan elevane aktiviserast og oppleve noko saman. Det er viktig å samarbeide med musikkfaget. Elevane skal og verte kjende med andre uttrykksformer i kristendommen. Det gjeld i tillegg til salmar og songar bønn, ulike gudstenesteformer og ritual. Elevane må få høve til å sjå desse uttrykksformene i funksjon, og vere aktivt med når skolen legg til rette arrangement av ulike slag. Det er naturleg med samarbeid mellom skolen og kyrkja, eller med andre kyrkjesamfunn når det høver.
Skann 97 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 95». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/97/