SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 94 skann 96

94 samfunnet. Stoffet må setjast i samanheng med det elevane opplever som viktig og aktuelt. Slik kan faget hjelpe elevane i arbeidet med å avklare eigne trus- og livssynsspørsmål. Det elevane lærer i faget, skal vere med på å gje grunnlag for deira tru og vere til rettleiing for livet deira. Det er viktig at elevane lærer å sjå si eiga tid i perspektiv og får mot til å sjå framover. Dei må få eit positivt og realistisk bilete av seg sjølv og sine eigne evner og krefter. I undervisninga må det leggjast vekt på det som er sentralt i den kristne trua, og på det som kristne trussamfunn har felles. Den evangelisk-lutherske læra skal vere grunnlaget for arbeidet med faget. Undervisninga må vere open og inkluderande, slik at barn frå flest mogleg heimar kan ta del. Elevane skal og få kunnskap om kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja. Arbeidet med faget skal vere med på å gje elevane forståing for kor viktig religiøse og etiske verdiar er for menneska. Kunnskap om andre religionar og livssyn høyrer og med i undervisninga i faget. Hovudansvaret for den delen av undervisninga ligg til orienteringsfaget og samfunnsfaget. I kristendomsfaget ligg vekta på møtet mellom kristendommen og ulike religionar og livssyn. Det er naturleg med samarbeid mellom desse faga om undervisninga i dette emnet. Læraren må ta omsyn til at elevane kan ha ulik bakgrunn. I same klasse kan det vere elevar som høyrer til andre trussamfunn, og elevar utan tilknyting til noko kyrkjesamfunn. Undervisninga må vere prega av vidsyn og vilje til å forstå og respektere menneske med ulike meiningar om religiøse og etiske spørsmål. Kontroversielle emne må takast opp på ein sakleg og allsidig måte, og slik at drøftinga ikkje verkar sårande eller krenkjande på nokon. Den haldninga læraren har til lærestoffet, er viktig for korleis elevane oppfattar det, og kva verdi det får for dei. Same kva livssyn læraren har, er oppgåva å formidle stoffet på ein engasjerande og sakleg måte, og slik at stoffet får tale for seg sjølv. Lærestoff og progresjon Lærestoffet er delt inn i ni hovudemne. Gjennom arbeidet med hovudemna skal elevane få innsikt i kva kristendommen er, korleis han har vakse fram, og det han har hatt og har å seie for menneske og samfunn. Stoffet er henta frå Det gamle testamentet, Det nye testamentet, kyrkjesoga, truslæra og etikken. I tillegg er stoff og henta frå og knytt til elevane sin kvardag og det dei er opptekne av, og til livet i lokalmiljøet. Planen opnar med å peike på allmenngyldige og eksistensielle spørsmål, som dei fleste religionar er opptekne av. Elevane skal få innsikt i særdrag ved kristendommen og dei svara han gjev på ulike livsspørsmål. Sentralt i den samanhengen står det kristne biletet av Gud, Jesus Kristus, hans liv og gjerning, det kristne synet på mennesket, og det trua har å seie for menneska. Her har Bibelen sin naturlege plass, som grunnlag og kjelde for den kristne trua. Derfor kjem desse emna fyrst. Korleis kristendommen manifesterer seg, er vist ved at ein går frå det nære og kjende i emnet kyrkja og kristenlivet på heimstaden til det meir fjerne i emnet kyrkja gjennom tidene. I hovudemna du og eg ogfellesskap og samfunn tek planen opp etiske problemstillingar spesielt. Det er lagt vekt på spørsmål som er knytte til menneskelege relasjonar, samfunnsliv og bruk av naturressursar.
Skann 96 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 94». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/96/