SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 93 skann 95

KAPITTEL 17 93 KRISTENDOMSKUNNSKAP For folk flest står religiøse og etiske verdiar sentralt. I vårt land høyrer det store fleirtalet til Den norske kyrkja eller andre kristne trussamfunn. Kristen tru og moral er derfor ei viktig felleseige i samfunnet vårt og ein sentral del av kulturarven. Saman med andre fag skal kristendomsfaget aktualisere og formidle kultur- og verdigrunnlaget i skolen. Kristendomsfaget kan på ein særleg måte vere med på å hjelpe foreldra i oppsedingsarbeidet. Innhaldet i faget er viktig for det haldningsskapande arbeidet som skolen har medansvar for. Samtidig som faget fører vidare ein kulturell og religiøs arv, kan det elevane lærer i faget, vere til rettleiing og gje hjelp til å avklare eigne trus- og livsspørsmål. Faget skal og formidle kunnskap om andre religionar og livssyn for å fremje respekt og toleranse mellom menneske. Mål Undervisninga i kristendomskunnskap skal ta sikte på - å gje elevane kjennskap til hovudinnhaldet i bibelsoga, til dei viktigaste hendingane i kyrkjesoga og til den evangelisk-lutherske truslæra - å gje elevane kjennskap til og utvikle evna til å oppleve salmar, kristne songar og kyrkjemusikk - å lære elevane kva kristendommen har å seie for kvar einskild og for samfunnet - å gje elevane forståing og respekt for religiøse og etiske verdiar - å stimulere elevane i deira personlege vekst og utvikling - å hjelpe elevane til å utvikle toleranse og respekt for menneske som har andre oppfatningar i trus- og livssynsspørsmål Undervisninga i kristendomskunnskap skal gje elevane grunnleggjande innsikt i kva kristendom er, og kva kristendommen har å seie for kvar einskild og for
Skann 95 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/95/