SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 88 skann 90

88 Deltaking i planlegging Elevane bør vere med på å planleggje det daglege arbeidet i skolen etter føresetnadene sine. Etter kvart som dei vert eldre, bør dei vere med meir og meir. Fyrst og fremst gjeld dette arbeidet i eigen klasse. Arbeidet kan mellom anna femne om: prosjekt, temadagar, ekskursjonar, praktisk, sosialt og kulturelt arbeid, klassetilskipingar, foreldremøte, opplegg der heile skolen er med. Elevane skal etter kvart få auka ansvar for eiga læring gjennom å vere med og forme ut arbeidsplanar, gjennom tverrfaglege opplegg og ved å arbeide med vurdering av gjeremåla i klassen. Medverknad og medansvar i samarbeidsorgana Alt på barnesteget må elevane få oppleve korleis saker kan takast opp i klasse- og elevråd. Gjennom praktiske røynsler og opplevingar må dei få lære korleis saker kan verte drøfta, og få støtte eller verte avviste. På den måten kan elevane lære noko om korleis avgjerdsprosessen vert påverka, og korleis avgjerder vert tekne. Respekt for kva andre meiner, og evne til å skilje mellom sak og person er viktige føresetnader for å forstå korleis demokratiet verkar. På ungdomssteget må elevane få utvida kjennskap til og praktisk røynsle med møteleiing, debatteknikk, føring av protokoll, røystereglar. Klassestyraren og elevane har saman ansvar for at klassetimen vert brukt på ein slik måte at han gjev innhald til omgrep som medstyring og felles ansvar. Alle elevane i klassen må kjenne at dei er likeverdige deltakarar i denne prosessen. Når tillitselevar vert valde, skal det veljast ei jente og ein gut.
Skann 90 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 88». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/90/