SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 87 skann 89

87 kan organiserast som ein time annakvar veke i to av åra og ein time kvar veke i eitt år, i heile og halve timar gjennom alle tre årsstega, eller på andre måtar. På barnesteget har klassestyraren i samarbeid med klasselærarane ansvaret for at det vert sett av nødvendig tid. Miljøskapande arbeid kan ikkje vere avgrensa til faste veketimar, og må derfor vere eit gjennomgangstema i alle gjeremåla i skolen. Slikt arbeid må ein kunne leggje inn i naturlege samanhengar i alle fag. På alle steg kan ein skipe til klasseråd, der alle elevane i klassen er medlemmer. Arbeidet er ein del av ansvaret til klassestyraren. I somme saker bør klasserådet ha avgjerdsmakt. Alle saker som elevane skal vere med i, og som skal drøftast i andre organ seinare, bør klassen behandle. Elevrådet skal vere kontaktledd mellom elevane og dei instansane innanfor skolen som gjev råd eller har avgjerdsmakt. Elevrådet skal på ulike måtar gjere sitt til å skape auka trivsel og positiv innstilling til skolen og skolearbeidet. Det er naturleg at elevrådet er med på å forme ut skolemiljøet. Også elevane på barnesteget bør få innføring i elevrådsarbeid. Oppgåver og ansvar må auke i takt med alder og modnad. Elevane på ungdomssteget skal vere representerte i samarbeidsutvalet. På barnesteget kan elevane vere representerte. Det skal vere ein kontaktlærar for elevrådet. Aktuelle arbeidsområde Utvikling av sjølvkjensla til elevane Skolen skal leggje til rette eit læringsmiljø som aktiviserer og tek i bruk evnene og anlegga til elevane. Alle elevar må få gje uttrykk for synspunkta og meiningane sine. Men dei har ulike føresetnader for å markere standpunkta sine. Sjenerte og tilbakehaldne elevar, og elevar som har vanskar med å uttrykkje seg, må verte oppmuntra og få tid på seg, slik at dei kan vere aktivt med i fellesskapet. Arbeid med klasse- og skolemiljøet Ein føresetnad for læring er at elevane får oppfylt grunnleggjande behov for tryggleik og fellesskap. Skolen må derfor leggje til rette trygge arbeidssituasjonar og gje elevane kjensla av å høyre til og vere verde noko. Klassemøte kan vere ei tenleg arbeidsform i dette arbeidet. Aktuelle tema på slike møte kan vere: Korleis har vi det her i klassen når det gjeld reglar og normer, ansvar for kvarandre og fellesskapet, avgjerder og leiarskap, vennskap og samhald, kommunikasjon, rettar og plikter, gruppepress? Korleis ønskjer vi å ha det? - Kva kan vi gjere for åfå det slik vi ønskjer det?
Skann 89 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 87». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/89/