SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 83 skann 85

83 i lokalmiljøet om tiltak innanfor arbeidsliv og kulturliv. Samarbeidet må ein kunne utvikle til å gjelde fellesoppgåver der barn, unge og vaksne løyser oppgåver saman. Skolen har ansvar for at elevane kan ta sjølvstendige initiativ og få medansvar for planlegging og gjennomføring av oppgåver. Oppgåvene må vere tilpassa alderen, røynslene og føresetnadene til elevane elles. Gjennomføringa av praktisk, sosialt og kulturelt arbeid er ei utviklingsoppgåve for skolane. Med utgangspunkt i aktivitetar som alt er i gang, må skolen kartleggje moglege oppgåver og planleggje tiltaka både innanfor og utanfor skolemiljøet. Oppgåvene og gjennomføringa av dei vil naturleg nok måtte variere ut frå lokale behov og føresetnader. Gjennomføringa vil dessutan til ein viss grad vere avhengig av samarbeidspartnerar i lokalmiljøet, og kor mykje dei har høve til å vere med. Det er ei oppgåve for dei lokale skolestyresmaktene og kvar skole å informere bedrifter, grupper og instansar i lokalmiljøet om mogleg samarbeid, og stimulere til at slike tiltak kjem i gang. Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid må utviklast til å verte ein del av skolegangen til elevane. Det er lagt opp til dette samla minstetimetalet for kvar av treårsperiodane: 1.-3. klasse: 50 timar 4.-6. klasse: 75 timar 7.-9. klasse: 150 timar Skolane må kunne utvide dette timetalet som valfagtilbod til einskildelevar eller grupper. Praktisk yrkesorientering (pryo) går inn som ein del av praktisk, sosialt og kulturelt arbeid på ungdomssteget. Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid kan verte organisert som - konsentrert arbeid i ein kortare periode der ein bruker mange timar i veka - fastlagde timar gjennom ein lengre periode - ein eller fleire timar pr. veke gjennom heile skoleåret eller delar av året På ungdomssteget kan det vere aktuelt å organisere prosjekt med eit sterkt innslag av yrkesarbeid. Skolestyret må i slike tilfelle kunne utvide timetalet til valfag eller praktisk, sosialt og kulturelt arbeid for einskildelevar eller grupper. Det er naturleg at aktivitetane vert integrerte i og får timar frå alle fag. Elevane kan kvar for seg, i små grupper eller klassevis ta på seg eit arbeid og eit ansvar i eller utanfor skolen. Arbeidet må leggjast til rette slik at gutar og jenter i same grad tek på seg både ulike praktiske oppgåver og ulike omsorgsoppgåver, og slik at dei gjerne får vere saman om oppgåvene. Elevar på ulike klassesteg kan arbeide saman. Eldre elevar kan hjelpe yngre til gradvis å overta oppgåver. Slik kan elevane verte stimulerte til å ta ansvar for medmenneske og nærmiljø også utanom skoletida. Planlegging, arbeidsformer og vurdering Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid må drøftast i samarbeidsorgana for skolen og med andre det er naturleg å samarbeide med. Klassestyraren og dei andre klasselærarane har ansvaret for detaljplanlegginga. Skoleleiinga og den sosialpedagogiske tenesta har ansvaret for samordninga. Det er naturleg at elevane er
Skann 85 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 83». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/85/