SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 82 skann 84

KAPITTEL 14 PRAKTISK, SOSIALT OG KULTURELT ARBEID Deltaking i praktisk, sosialt og kulturelt arbeid skal vere med på å knyte læringsarbeidet i skolen saman med liv og aktivitetar i lokalmiljøet. Det skal vere med på å skape samanheng og balanse mellom den teoretiske og praktiske opplæringa som elevane får. Arbeidsoppgåvene skal hjelpe elevane til å utvikle respekt og ansvar for medmenneska sine, og medansvar for miljø, kultur- og arbeidsliv omkring dei. Gjennom desse aktivitetane kan skolen gjere sitt til å utvide røynslegrunnlaget til elevane i forhold til samfunnet og utvikle kontakten mellom generasjonane. Mål Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid skal ta sikte på - å la elevane oppleve seg sjølv som ansvarlege deltakarar i kontakt og samarbeid med vaksne i og utanfor skolen - å gje elevane kunnskapar om og medansvar for skolesamfunnet og nærmiljøet ved at dei er med på å planleggje og gjennomføre praktiske tiltak - å gje elevane kunnskap om og innsyn i arbeidsoppgåver og arbeidsliv på heimstaden å hjelpe elevane til å syne omsorg og ansvar for medmenneske og miljø rundt dei - å hjelpe elevane til å ta vare på lokale kulturtradisjonar, og stimulere dei til å ta medansvar for det lokale kulturlivet Rammer og organisering I arbeidet med praktiske, sosiale og kulturelle oppgåver vil det vere naturleg for skolen å samarbeide med etatar, institusjonar, organisasjonar og einskildpersonar
Skann 84 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 82». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/84/