SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 79 skann 81

79 emne og prosjektarbeid bør gå inn som ein naturleg del av praktisk, sosialt og kulturelt arbeid. Det er lagt opp til eit samla timetal for kvar av treårsperiodane, 50 timar for 1.-3. klasse, 75 timar for 4.-6. klasse og 150 timar for 7.-9. klasse. Sjå nærare om praktisk, sosialt og kulturelt arbeid i kapittel 14. Klasse- og elevrådsarbeid 1 timefordelingstabellen er det sett av til saman to timar til klasse- og elevrådsarbeid på ungdomssteget. På barnesteget skal det setjast av eit samla timetal på 30 timar for 1.-3. klasse og 60 timar for 4.-6. klasse. Desse timane må ein fordele på dei obligatoriske faga. Klassestyraren har i samarbeid med klasselærarane ansvaret for at det vert sett av nok tid. Sjå elles kapittel 15 om klasse- og elevrådsarbeid. Timefordeling og skyssproblem I mange kommunar må det vere skyssordningar. I somme kommunar vil det snautt vere råd å få til ulike skyssordningar for elevar som sluttar av skoledagen til ulike tider. I slike tilfelle kan det vere heile skoledagar på alle årssteg. For elevar på dei lågaste klassestega som ikkje har systematisk undervisning i heile dagar, må ein organisere friare aktivitetar ein del av tida, som til dømes leik, idrett, bibliotekarbeid og hobbyprega arbeid. Morsmål for språklege minoritetar og norsk som andrespråk Både morsmål og norsk er hovudspråk for barn som tilhøyrer språklege minoritetar. Begge faga er sentrale for læringa og den kulturelle forankringa til elevane. Fagplanane (jf. kapittel 22 og 23) gjeld for ulike undervisningsmodellar (t.d. både for tokulturelle klassar, for meir heterogene klassar og for klassar med svært få framandspråklege elevar). Timefordelinga må derfor vere nokså fleksibel, og må kunne variere ein del over eit visst tidsrom. Nærare retningslinjer om timetal vert gjevne i rundskriv. Dei timeplantekniske løysingane må utarbeidast lokalt. Så langt som råd bør ein unngå at dei to faga fortrengjer andre skolefag for elevane. For elevar som kjem til Noreg etter at dei har nått skolealder, bør det setjast i verk særskilde undervisningstiltak. Fleksibel bruk av tidsressursane Timefordelingstabellen gjev ei ramme for den tida som skal brukast på dei ulike faga. Sjølv om undervisningstida vert rekna i einingar på 45 minutt, kan
Skann 81 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 79». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/81/