SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 78 skann 80

Timetalet for kvart fag i ein treårsperiode bør til vanleg verte fordelt slik at faget får timar på kvart klassesteg. Heimkunnskap i 4.-6. klasse kan likevel konsentrerast til eitt eller to av åra, og i 7.-9. klasse til to av åra i treårsperioden. Også timetalet til musikk og forming på ungdomssteget kan konsentrerast. Morgonsamling Skoledagen tek til med ei felles samling for alle elevar i ein klasse, eller for fleire eller alle klassar ved skolen. Formålet med morgonsamlinga er å skape samkjensle og oppleving av fellesskap om verdigrunnlaget for skolen. Ved morgonsamlinga kan ein velje eit ord for dagen, skriftlesing, ein salme, ein høveleg song, eit dikt eller ei bønn gjerne i tilknyting til aktuelle tema for skoledagen. Valfag Valfaga er eit område for lokal handlefridom ved at skolen vel fag og aktivitetar og disponerer timane innanfor den fastsette ramma. Blant dei valfaga skolen tilbyr, skal elevane i prinsippet kunne velje fag og aktivitetar fritt innanfor sine interesseområde. Undervisninga i valfag kan ein organisere med timar gjennom heile skoleåret eller for kortare tidsrom. På barnesteget kan timar ut over det bundne minstetimetalet organiserast som valfag. På ungdomssteget skal minimum 11 timar nyttast til valfag. Den øvre grensa for timeramma er fastsett gjennom rundskriv frå departementet. Det andre framandspråket har normalt inntil 7 timar av valfagramma på ungdomssteget, fordelte på 8. og 9. klasse. Timar til aktivitetar ut over fag- og klassegrensene Timefordelingstabellen omfattar timar til obligatoriske fag, valfag og klasse- og elevrådsarbeid. Andre gjeremål som ekskursjonar, idrettsarrangement, turar og leirskoleopphald må gjennomførast innanfor ramma av det timetalet som er fastsett til undervisninga. Som del av livet i skolen bør det vere rom for musikkgrupper, leikarringar, dramagrupper, lagidrett 0.1. Når timeplanen vert fastsett, bør skolen derfor leggje forholda til rette for gruppedanningar ut over klassegrensene etter behov. Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid er ein integrert del av arbeidet i skolen. Så langt råd er, skal aktivitetane føregå innanfor alle obligatoriske fag, og dei må verte jamt fordelte i forhold til timetala for faga. Delar av valfagramma og det übundne timetalet kan og brukast til desse aktivitetane. Oppgåvetype og lokale tilhøve vil ha mykje å seie for korleis aktivitetane skal organiserast og gjennomførast. Organisering av aktivitetane og bruk og fordeling av timar er viktige planleggingsoppgåver. Tverrfagleg samarbeid, tverrfaglege
Skann 80 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/80/