SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 77 skann 79

KAPITTEL 13 77 FAG- OG TIMEFORDELING Minstetimetal Timefordelingstabellen gjeld for fem dagars veke med undervisningstimar på 45 minutt. Med ein veketime meiner vi ein undervisningstime i veka i eitt skoleår. Minstetimetalet gjev det samla veketimetalet for alle årssteg. Minstetimetalet på barnesteget (1.6. klasse) er 138 veketimar. Av desse er 133 veketimar bunde minstetimetal. Dei andre 5 veketimane disponerer skolestyret til ulike fag og aktivitetar. På barnesteget kan kommunestyret fastsetje eit timetal ut over minstetimetalet. Skolestyret - eller samarbeidsutvalet ved kvar skole etter delegering står fritt til å disponere timane ut over det bundne minstetimetalet. Det gjev høve til å styrkje byrjaropplæring og leggje vekt på aktivitetar som stettar lokale ønske og behov. Det er ein føresetnad at minst ein tredel av desse timane skal brukast til praktiske og estetiske fag. På ungdomssteget (7.-9. klasse) er minstetimetalet 90 veketimar, med 30 veketimar på kvart klassesteg. I det 10. frivillige skoleåret er undervisningstida inntil 30 veketimar. Timefordeling for treårsperiodar Timefordelinga er ordna i treårsperiodar: 1.-3. klasse, 4.-6. klasse og 7.-9. klasse. Lærestoffet er ordna på same måten, og denne inndelinga skal gje eit fleksibelt opplegg og høve til lokal tilpassing. Timefordelingstabellen gjev det samla talet veketimar for kvart fag i kvar treårsperiode. Dessutan gjev han det samla talet veketimar for barnesteget (1.-6. klasse) totalt. Skolestyret - og eventuelt den einskilde skolen etter delegering avgjer korleis timetalet for kvar treårsperiode skal fordelast på kvart skoleår. Det timetalet som til saman er sett av for kvar treårsperiode, må som hovudregel nyttast fullt ut. Innanfor ramma av det bundne minstetimetalet er det likevel høve til å forskyve timar mellom 1.-3. og 4.-6. klasse, men slik at summen av timetalet i kvart fag for heile barnesteget ikkje vert redusert.
Skann 79 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 77». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/79/