SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 6 skann 8

Oppbygginga av planen Mønsterplanen har to hovuddelar: den generelle delen (kapittel 1-12) og fagplandelen (kapittel 13-35). Generell del gjev overordna mål og retningslinjer for den totale aktiviteten i skolen. Ein har freista å konkretisere måla i fagplandelen, som peikar på mål for kvart einskilt fag og fagområde. Måla dannar grunnlag for eit langsiktig og samanhengande arbeid. Dei er retningsgjevande for den undervisninga elevane får gjennom heile grunnskolen. Fagplandelen inneheld kapittel om fag- og timefordeling, praktisk, sosialt og kulturelt arbeid og klasse- og elevrådsarbeid. Deretter vert fagplanane for dei obligatoriske faga presenterte. I kapittel 16 vert det gjort greie for oppbygginga av fagplanane og for tverrfagleg undervisning. Det er utarbeidt eigne fagplanar for samisk som fyrstespråk, samisk som andrespråk og norsk som andrespråk for elevar med samisk som fyrstespråk. Den reviderte planen inneheld dessutan fagplan for morsmål og for norsk som andrespråk for språklege minoritetar. I planen er det og ein felles rammeplan for valfag, som skal danne grunnlag for lokal utforming av planar for kvart einskilt valfag. Dessutan er det gjeve ein eigen plan for det andre framandspråket. For elevar som har rett til fritak frå kristendomskunnskap, er det laga ein rammeplan for anna religions- og livssynsundervisning og ein eigen fagplan for livssynskunnskap. Opplæringsstoffet vert presentert i treårsplanar som er meir omfattande enn dei tilsvarande treårsplanane i M 74. Rettleiande årsplanar i form av tilleggshefte er laga berre for faga norsk, matematikk og engelsk. Det er lagt større vekt på eit nasjonalt fellesstoff enn i M 74. Dei sams rammene som hovudemna og delemna i fagplanen representerer, skal sikre at stoffet vert presentert med tilnærma same innhaldet over heile landet. Det vil ikkje seie at det er fastsett obligatoriske minstekrav. Det er eit hovudprinsipp i planen at elevane skal få arbeide med lærestoffet etter evnene og føresetnadene sine. Ansvarslæring står sentralt i den nye planen Formålet med det nye, tverrfaglege emnet praktisk, sosialt og kulturelt arbeid er dels å la elevane få del i meir allsidig arbeidspraksis og førebuande yrkesorientering, dels å gje elevane innsikt i problem og sjansar i lokalsamfunnet. Gjennom det ønskjer skolen å få medvitet om ansvarslæring og haldningsdanning meir i sentrum for gjeremåla i skolen. Elevtilpassa læringsmiljø Eit karakteristisk trekk ved revisjonsarbeidet er at spørsmålet om nivådelt undervisning på ungdomssteget - som tidlegare var eit sentralt moment i skoledebatten - har påkalla lita interesse. Tanken om eit meir individuelt prega, elevtilpassa læringsmiljø står no i sentrum for den vidare skoleutviklinga. Vurdering Vurdering får ein meir generell omtale i planen. Nærare føresegner, også om karaktergjeving på 7.-9. klassesteg, er gjevne i føresegner m.v. for grunnskolen.
Skann 8 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/8/