SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 7 skann 9

7 EIVERUM LÆRERHØGSKOLE Mønsterplan - lokal læreplan - undervisningsplan Sjølv om fellesstoffet står sentralt i MB5, har planen framleis preg av å vere ein rammeplan. I denne samanhengen vil det seie at lokale instansar - skolestyre, kvar einskild skole og kvar lærar - er gjevne viktig innverknad på det faglege innhaldet i skolen innanfor forpliktande rammer. Mønsterplanen byggjer på den føresetnaden at det vert valt og konkretisert vidare lokalt, ved at ein utarbeider lokale læreplanar og planar for undervisninga. Mønsterplanen er såleis både eit styringsinstrument og eit planleggingsgrunnlag for arbeidet i skolen og for den vidare utviklinga. Det lokale læreplanarbeidet går ut på å utvikle nærare spesifiserte fag- og emneplanar med utgangspunkt i fagplanane i mønsterplanen og innanfor dei rammene som er lagde i målet for grunnskolen og måla for dei ulike fagplanane. Den lokale læreplanen skal gje rammer og innhald for den konkrete planlegginga av undervisninga som kvar lærar eller gruppe av lærarar utfører. Den lokale læreplanen er såleis bindeledd mellom mønsterplanen og undervisningsplanane. Revidert plan i eit langsiktig utviklingsperspektiv Mange av måla i planen er slik at ein ikkje vert ferdig med å realisere dei. Oppfølginga av måla er derfor ein kontinuerleg prosess. Det vil ofte vere eit utfordrande spenningsforhold mellom mål og praksis. Det er skolen si oppgåve å arbeide for at praksis nærmar seg måla, slik at avstanden mellom mål og praksis vert mindre. Samtidig som mønsterplanen gjev forpliktande rammer for arbeidet i skolen, bør vi sjå på han som ei idé- og inspirasjonskjelde. Planen gjev retning for eit aktivt pedagogisk utviklingsarbeid, som kallar på nytenking, kreativitet og initiativ. Å betre praksis i skolen i forhold til måla for skolen er ein langsiktig prosess, der alle ledd i skoleverket må vere med og samarbeide. Også når det gjeld spørsmål om økonomiske ressursar til å gjennomføre måla i planen, må det vere ein føresetnad at ein tek sikte på å oppfylle måla gradvis gjennom betre ressursbruk og ei meir effektiv organisering av undervisninga innanfor dei ressursrammene som det til kvar tid vert lagt opp til i dei statlege og kommunale budsjetta.
Skann 9 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/9/