SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 5 skann 7

5 ELVERUM LÆRERHØGSKOLE tIBLIOTEKET Grunnlaget for arbeidet i skolen Lov om grunnskolen fastset grunnlaget for arbeidet i skolen. Lov om grunnskolen er ei fullmaktslov. Det inneber at Stortinget gjev Kyrkjeog undervisningsdepartementet fullmakt til å fastsetje forskrifter som gjev nærare reglar for gjeremål og ordningar i skolen. Paragraf 7 i lova inneheld føresegner om at departementet fastset ein mønsterplan som skal gje nærare utforming av dei måla som er sette for skolen, fag- og timefordeling og undervisningsplanar for alle fag og klassesteg. Grunnskolelova oppgjev og kva fag og emne læreplanen skal innehalde. På denne måten er Mønsterplan for grunnskolen saman med lova og forskriftene det styringsinstrumentet samfunnet har for skolen. Mønsterplanen gjeld for all undervisning som går inn under lov om grunnskolen. Overgang til revidert plan Mønsterplan for grunnskolen 1985 (MB5) avløyser den tidlegare planen frå 1974 (M 74). Planen er ei revidert utgåve av M 74. Revisjonsarbeidet har foregått innanfor ramma av gjeldande lov om grunnskolen og dei tilhøyrande forskriftene. Planen fører vidare berande prinsipp i M 74. Førebuingane til MB5 har foregått slik: På grunnlag av mandat av 12. januar 1984 frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet laga Grunnskolerådet høyringsutkast til generell del og fagplandel. Etter ein omfattande høyringsrunde skoleåret 1984-85 la rådet fram utkast til revidert mønsterplan for grunnskolen for Kyrkjeog undervisningsdepartementet i byrjinga av august 1985. Samisk utdanningsråd har laga utkast til kapitla om samisk språk og opplæring. Kyrkje- og undervisningsdepartementet har fastsett denne utgåva som mellombels plan som kan takast i bruk frå skoleåret 1986-87 mens ein ventar på at Stortinget skal behandle ei stortingsmelding om mønsterplanen. FORORD
Skann 7 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/7/