SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 72 skann 74

72 samanhengande prosess. Kvart tiltak bør ta utgangspunkt i ein pin, der ein har vurdert framdrift, omfang, ressursar, deltaking, leiing av arbeidet ca. Somme oppgåver vil berre gjelde den einskilde skolen eller diar av skolen, andre kan vere samarbeidsprosjekt mellom to eller fleire skolar. Dn pedagogiske rettleiingstenesta bør lage eit oversyn over utviklingsarbeidet vd skolane, og hjelpe til med å få i stand samarbeid der det er aktuelt. Rettleiingstnesta bør og ta initiativ til og hjelpe med å lage framlegg om prioritetsområde for Idealt utviklingsarbeid. Det er naturleg at skolesjefen har faste møte med rektoran. Utviklingstiltaka vil femne om dei oppgåvene som skolen tykkje det er viktigast å arbeide med. Over ein lengre periode vil skolen kunne ta for s% ulike delar av arbeidet etter kvart som arbeidskapasiteten tillet det. På den måtffi kan skolen sjå utviklingsarbeidet i lengre perspektiv. Det vil og vere til nytte s»m grunnlag for kommunal prioritering av utviklingstiltak. Tema for lokalt utviklingsarbeid I prinsippet kan alle sider ved skolearbeidet og skolemiljøl vere emne for fornying. Det kan gjelde delar av det lokale læreplanarbeidel organisering av skolen og undervisninga, fag og fagområde, elevarbeidsmåtar,elevvurdering og rettleiing, omsorgsoppgåvene til skolen, arbeidsmiljøet i skden osv. Somme oppgåver vil vere kortsiktige og må vurderast kvart år, ande kan vere meir langsiktige. Samarbeidet mellom skolen og lokalsamfunnet kan gje mange tema for utviklingsarbeid. Samarbeid mellom heim og skole, praktisk ykesorientering og anna arbeidslivsrøynsle, elevdeltaking i sosial og kulturell veksemd, samarbeid mellom skolen og andre kommunale etatar er døme på slike smarbeidsoppgåver. Hjelp til utviklingsland byr på rike sjansar når det gjeld pdagogisk utviklingsarbeid. Elevane må få engasjere seg i hjelpearbeidet, ikkje bere lære om det. Slik innsats vil gje dei større forståing for problema i den fattige erda. Utviklingsarbeid, etterutdanning og rettleiing Det er eit mål at kvar skole skal vere i stand til å vurdere kvaitviklingsarbeid som trengst, og å planleggje og gjennomføre tiltaka med eigne kréter, eller i samarbeid med andre når det er aktuelt. For å kvalifisere personalet til jette må rettleiing og etterutdanning reknast som ein del av utviklingsarbeidet. Dds er etterutdanningstiltak ein føresetnad for å få utviklingsarbeidet i gang, dels få" lærarane ei form for etterutdanning ved å vere med i utviklingsarbeid og fornidle resultat frå slikt arbeid. I tillegg til at skolen sjølv arbeider med å styrkje kompetansen sin for fornying og utvikling, må det vere høve til å dra inn støtte Uanfrå. På lokalplanet har den kommunale rettleiingstenesta ein viktig funksjon i lenne samanhengen.
Skann 74 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/74/