SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 73 skann 75

73 Organisering av lokalt utviklingsarbeid let er viktig at dei ulike utviklingsoppgåvene skolen ønskjer å arbeide med, vert oganiserte på ein best mogleg måte. Små tiltak som læraren tek opp i klassen, let se, oftast gjennomføre utan at det trengst noko stort planleggingsarbeid. Men rønsler viser at god planlegging lettar resten av arbeidet og gjev betre resultat. Di flere som skal vere med, di meir nødvendig er det med ein gjennomtenkt plan. vlle som arbeider i skolen, kan ta initiativ til utviklingsarbeid. Når eit tiltak skal orgniserast, må dei tiltaket gjeld, ha høve til å vere med. Ofte tener det formålet å la e lita gruppe ha ansvaret for planlegginga. Alle som er part i saka, bør vere reptsenterte. Det kan vere lærarar, elevar, foreldre, lokale foreiningar, arbeidslivet andre kommunale etatar osv., alt etter kva slag tiltak det er, og kva omfang det hr. Kvet tiltak som skolen vil gjennomføre, kan då planleggjast og leiast av ei slik gruppt Saman med rektor kan gruppeleiarane vere eit forum som held oversyn over fiimdrifta av arbeidet, og som har ansvar for å leggje fram forslag om det årlege tviklingsarbeidet i skolen. Rektir har eit særskilt ansvar for å følgje med i utviklingsarbeidet, for å ta initativ \g gje råd og rettleiing. Som pedagogisk og administrativ leiar for skolen må rektcr sjå til at utviklingsarbeid vert drøfta i kollegiet slik at alle kan vere med i idéskapiig og prioritering, og slik at så mange som råd kjem aktivt med i utvikling av skolen. Rektor skal og syte for at saker som gjeld utviklingsarbeidet, vert behaidla i samarbeidsorgana i skolen. Skolestyret, kommunal rettleiingsteneste Skolestyret må prioritere område for pedagogisk utviklingsarbeid, og vurdere korleis tiltake kan setjast i verk. Prioriteringa må skje innanfor godkjende rammer og etter dei btiova og ønska skolane har. Dei det vedkjem, bør vere representerte i den vidare plailegginga, gjennomføringa og vurderinga av arbeidet. Den pedagogiske rettleiingtenesta er ein naturleg part i samarbeidet. Det gjeld særleg i større tiltak der heile skolen eller fleire skolar er med. Den pedagogisk-psykologiske tenesta er og eii aktuell samarbeidspartner. Den kommu&le rettleiingstenesta skal hjelpe skolane med råd og rettleiing når skolane ber omdet. Ho skal dessutan kunne formidle kontakt til, og sjølv ha kontakt med insansar og institusjonar i regionen der kommunen eller einskildskolar kan få hjeo. Det gjeld fyrst og fremst rettleiingstenesta til skoledirektøren og lærarutdannin,sinstitusjonar. Gjennom rettleiingstenesta til skoledirektøren vil den kommunale ettleiingstenesta og ha samband med dei sentrale skolestyresmaktene i saker son gjeld utviklingsarbeid. Den kommunak pedagogiske rettleiingstenesta arbeider under leiinga til skolesjefen. Ved sida avi gje eller formidle praktisk rettleiing til skolane skal tenesta arbeide med å proritere, leggje til rette og følgje opp utviklingsarbeid og etterutdanningsverkemd i det kommunale skoleverket, og med å disponere kommunale ressursa til slike tiltak. Skolesjefen legg slike saker fram for skolestyret.
Skann 75 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/75/