SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 70 skann 72

70 særleg varsam ved bruken av ei slik vurderingsform. Men for dei fleste elevane vil formell vurdering kunne verke inspirerande og spore til innsats. Utvikling av gode vurderingsformer, informasjons- og samtaleopplegg er ei oppgåve som skolen bør arbeide aktivt med i samråd med heimane. Hjelpemiddel ved vurderinga Den samanhengande daglege vurderinga av elevane vil i nokså stor grad vere basert på skjøn. Læraren må så langt råd er, gjere systematiske observasjonar og ta notat til eigen bruk, og på den måten arbeide for å gjere sine eigne vurderingar sikrare. Slike notat er og til støtte i samtalar med elevar og foreldre, og når ein skal lage skriftlege meldingar. På ungdomssteget må læraren vere førebudd på å drøfte spørsmål som har samanheng med kva standpunkt elevane har i dei ulike faga, i samtalar med elevar og foreldre. Læraren må derfor vere kjend med dei vanlege relateringsformene, samanhengane mellom dei, kva som er karakteristisk for kvar av dei, og bruken av dei i uformell og formell vurdering. Den kjennskapen læraren får til den einskilde eleven gjennom det daglege arbeidet, gjev ei viktig støtte når han skal vurdere kva standpunkt eleven har i faga. Likevel vil læraren etter kvart ha bruk for å gje elevane prøver av ulike slag for å skaffe seg godt nok grunnlag både for å vurdere standpunkt og for å gje fagleg rettleiing. Det kan vere prøver som læraren lagar og bruker sjølv eller i samarbeid med kollegaer, det kan vere ferdig utforma, standardisert materiell som skolen får tilbod om, eller anna materiell som høver for formålet. Somme prøver som er tilgjengelege for skolen, kan gje informasjon om kor godt elevane meistrar eit fag eller delar av eit fag, og om kvar kreftene bør setjast inn for at elevane skal få vidare framgang. Andre har som formål å gje læraren informasjon som han kan bruke når han skal gje formell vurdering. Læraren må vere klar over at standardiserte hjelpemiddel skal brukast til det dei var meinte til, og at dei ikkje kan nyttast til andre formål. Kvar for seg gjev dei avgrensa informasjon. Læraren må sjå resultata som supplement til dei andre arbeida elevane utfører, og på den måten nytte dei som støtte for si eiga vurdering.
Skann 72 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/72/