SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 69 skann 71

69 svake føresetnader for arbeidet må læraren vere særskilt klar over kor viktig det er å vere varsam, og å gje råd og rettleiing. Slike omsyn er særleg viktige også overfor elevar med framand kulturbakgrunn. Læraren skal fortelje elevane om resultatet av vurderinga i fortruleg samtale når det er nødvendig. Læraren bør og gje skriftlege vurderingar av elevarbeid, i større mon etter kvart som elevane vert eldre. Med høvelege mellomrom og elles når det trengst, skal læraren invitere foreldra til samtalar om korleis det går med elevane på skolen. Siktemålet er gjensidig informasjon, råd og rettleiing. Samtalane bør derfor leggjast inn i arbeidsperiodane, ikkje berre i slutten av dei. Samtalane bør leggjast opp som fellessamtalar når det er naturleg at elevane er med. Det skal vere praksis at skolen tek initiativ til slike samtalar frå elevane byrjar i fyrste klasse, og at han held denne kontaktforma ved like gjennom heile grunnskolen. Læraren må leggje vekt på å skape eit tillitsforhold til foreldra, slik at dei kan kjenne seg frie til å ta opp spørsmål dei ønskjer å drøfte, og til å ta initiativ til samtalar når dei ønskjer det. Saman med invitasjonen til samtale kan det vere formålstenleg å gje foreldra ei kort skriftleg melding om emne som læraren ønskjer å ta opp. Skriftleg melding skal elles brukast når læraren ikkje får annan kontakt med foreldra eller det er andre grunnar for det. Meldinga må så klart som råd opplyse om korleis skolen ser på arbeidet og utviklinga til eleven. Ho treng ikkje vere bunden til eit skjema. Vurderingsformer All vurdering inneber samanlikning eller relatering. Det som skal vurderast, vert sett i høve til noko. Det er vanleg å tale om tre former for relatering: 1 Det som skal vurderast, vert sett i forhold til kva føresetnader elevane har (individrelatering). 2 Det som skal vurderast, vert sett i forhold til prestasjonane for ei stor gruppe elevar på same klassesteget (grupperelatering). 3 Det som skal vurderast, vert sett i forhold til oppsette krav eller mål (målrelatering). Den daglege, uformelle vurderinga læraren gjev elevane, er vanlegvis individrelatert og målrelatert. I uformell vurdering vert det lagt vekt på kva føresetnader elevane har for å nærme seg måla. I formell vurdering vert grupperelatering og målrelatering brukte. Karakteristisk for formell vurdering er at elevarbeida vert vurderte i forhold til visse felles normer og faglege krav. Den vanlegaste måten å uttrykkje formell vurdering på, er karakterar. Føresegner om bruk av karakterar er gjevne i reglement og forskrifter. Formell og uformell vurdering må praktiserast slik at vurderingsformene utfyller kvarandre og til saman gjev allsidig informasjon og rettleiing. Tilpassa opplæring har som føresetnad at læraren set mål og stiller forventningar som svarer til det kvar elev rimeleg kan makte. For somme elevar kan formell vurdering føre til at dei mistar motet og arbeidslysta. I slike tilfelle må ein vere
Skann 71 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/71/