SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 68 skann 70

68 Kva bør vurderast? Skolen må leggje vekt på å vere heilskapleg og allsidig i vurderingsarbeidet. Vurderinga av elevarbeida bør ikkje einsidig dreie seg om dei kunnskapane og dugleiken elevane etter kvart får. I rettleiinga si bør læraren og seie noko om korleis elevane arbeider, kor sjølvstendig dei bruker stofftilfanget og hjelpemidla i faga, og kor rasjonelt dei går til verks når dei skal løyse oppgåvene. Til vanleg, men særleg i samband med gruppearbeid og prosjektarbeid, er det viktig at læraren og elevane saman drøftar og vurderer resultata og arbeidsformene, oppgåvefordeling, sjølvstendig arbeid og samarbeid, med tanke på å lære av røynslene. Vurderinga verkar tilbake på arbeidet til elevane. For å lære elevane å arbeide planfast, individuelt og i grupper må skolen vise at han verdset slike arbeidsformer. Den vurderinga skolen gjev av ordenen og åtferda til elevane, må haldast skild frå vurderinga av dei reint faglege prestasjonane. Også i denne samanhengen må det takast omsyn til kva føresetnader elevane har. Når ein skal vurdere orden, bør ein leggje vekt på kor presise elevane er, om dei leverer arbeida sine i ryddig stand og til riktig tid, korleis dei behandlar eigne og andre sine eigneluter, skolesakene, skolebygningen og inventaret, om dei held det ryddig omkring seg 0.1. Når ein vurderer åtferd, bør ein leggje vekt på vennleg framferd, omtanke for andre, vanleg høfleg framferd overfor medelevar, lærarar og andre i skolemiljøet 0.1. Dei lærarane som kjenner elevane, bør gje vurderingane i samråd med kvarandre, og dei skal vere avgrensa til å gjelde orden og åtferd i skolesamanheng. I vurderinga av åtferd må læraren vere varsam og syne respekt for den personlege integriteten til elevane. Den samanhengande, uformelle vurderingsprosessen Skal vurderinga vere til hjelp og rettleiing for elevane, må ho følgje det daglege arbeidet som ein del av sjølve arbeids- og læringsprosessen. Læraren må ta initiativ og gje elevane informasjon og råd alt etter kva steg dei er på i arbeidet. Vurderinga vert då ein samanhengande, uformell prosess som er prega av spørsmål og svar, drøftingar og kommentarar. Men vurderinga må ikkje verte detaljstyring av arbeidet elevane gjer. Elevane skal oppmuntrast til sjølvstende, og må kjenne seg frie til å bruke dei skapande evnene sine og finne sine eigne løysingar, sine eigne tilnærmingsmåtar og si personlege form, og til å be om råd og rettleiing når dei sjølv kjenner at dei treng det. Når eit større elevarbeid eller ein arbeidsperiode vert avslutta, bør det kome ei oppsummering der læraren tek for seg mål, opplegg, arbeidsformer og arbeidsinnsats, dei ulike arbeida og resultata til samla drøfting i klassen. Elevane skal vere med ut frå kor modne dei er, slik at dei sjølv lærer å vurdere. Informasjon til elevar og foreldre Vurderinga skal vere sakleg og konstruktiv. Læraren må vere merksam på at vurderinga er med på å skape haldningar hjå elevane. Kor tilfreds læraren er, vil kome til uttrykk i mimikken, tonefallet og ordvalet hans. Overfor elevar med
Skann 70 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/70/