SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 67 skann 69

KAPITTEL 11 67 VURDERING OG RETTLEIING Formål med vurderinga Den vurderinga skolen gjev av elevane, har fleire formål. Vurderinga skal opplyse elevane om arbeidet deira med dei ulike skolefaga utviklar seg tilfredsstillande. Signal om kva som er rett og kva som er gale, kva som er godt og kva som er dårleg, er eit nødvendig korrektiv for læringsprosessen. Vurderinga skal gje elevane informasjon om framgangen deira og i vid forstand gje rettleiing og inspirasjon i arbeidet og utviklinga deira. Dei allmenne måla for skolen og måla for faga skal vere retningsgjevande for vurderinga, og likeins for arbeidet i skolen elles. Lærarrettleiinga kjem derfor til å gje elevane informasjon om dei måla skolen freistar å nå. Det gjeld både det som er særleg verdifullt i fagleg samanheng, og dei verdiane som skolen vil fremje meir generelt. Vurderinga skal gje elevane opplysning om korleis arbeidet, kunnskapane, dugleiken og oppførselen deira vert vurderte i forhold til måla. Lærarane må leggje vekt på at desse opplysningane er til praktisk hjelp for elevane, både i det vidare arbeidet med faga og i den personlege utviklinga deira. Særleg når det gjeld arbeidet med faga, bør elevane verte orienterte så presist og konkret som råd om kvar kreftene bør setjast inn. Gjennom vurderingsarbeidet skaffar læraren seg ein viktig del av grunnlaget for å vurdere og planleggje undervisninga. Det er ein del av sjølve fundamentet for tilpassa opplæring. Den vurderinga elevane får, er med på å forme haldningane deira til seg sjølv, til skolen og skolearbeidet. Vurderingsarbeidet skal vise elevane den framgangen dei gjer, og hjelpe dei til å utvikle positiv sjølvkjensle og etter kvart ei realistisk sjølvoppfatning. Det skal og vere med på å skape interesse for skolen og motivere elevane for vidare arbeid og utvikling. Vurderingsarbeidet gjev læraren nødvendig grunnlag for å informere heimane og samtale med foreldra om korleis det går med elevane på skolen. På den måten får foreldra grunnlag for sjølv å kunne vurdere framgangen og utviklinga til elevane.
Skann 69 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/69/