SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 66 skann 68

Samarbeid om særlege hjelpetiltak Somme barn har fått spesialpedagogisk hjelp før skolealder. Slike hjelpetiltak har heimel i lov om grunnskolen, og dei vert til vanleg gjennomførte i samarbeid mellom den pedagogisk-psykologiske tenesta, barnehagen og helsetenesta (helsesyster, helsestasjon for mor og barn), eventuelt andre spesialinstitusjonar. For å kunne gje desse elevane undervisningsopplegg som dekkjer behova deira, er det nødvendig med samarbeid mellom skolen og dei instansane som har hatt ansvaret for dei tidlegare tiltaka. Dei som er med i dette samarbeidet, må syte for at skolen får den informasjonen som trengst, og at informasjonen når fram til dei lærarane som skal arbeide med elevane. Dei må og drøfte praktisk organisering i skolen, og om særlege tiltak trengst. I dette samarbeidet må sjølvsagt foreldra til barna vere med, og dei bør derfor vere med i samtalar og drøftingar.
Skann 68 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 66». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/68/