SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 65 skann 67

3. Mønsterplan. Nynorsk mange fordelar, dersom dei vert lagde vel til rette. Dei skaper kontakt mellom eldre og yngre elevar, er med på å skape tryggleik for dei yngste elevane, og gjev elevane trening i å ta ansvar. Samarbeid med heimane Det innleiande samarbeidet må ta sikte på å skape eit godt og fortruleg kontaktforhold mellom heimen og skolen. Skolen må syte for å informere foreldra grundig om aktivitetane i skolen - om undervisninga, om praktiske ordningar, spesielle tiltak og arrangement. Slik informasjon må verte gjeven straks barna byrjar på skolen. Foreldra bør og få informasjon frå og kontakt med skolen før skolestart. Gjennom samtalar med dei føresette må klassestyraren ta imot opplysningar og synspunkt som foreldra tykkjer det er nødvendig å gje når barnet deira byrjar på skolen. Skolen har ansvar for å gje alle barn som fyller sju år, eit opplæringstilbod som passar for dei, same kva evner og føresetnader dei har. Somme barn har særlege behov som vil krevje særskilde omsyn eller særskild innsats frå skolen si side. Det er viktig at skolen får opplysningar om slikt så tidleg som mogleg. Foreldra må på si side få informasjon om dei hjelpetilboda som finst, og om kven dei kan kontakte om slike tilbod. Informasjon til foreldre med barn i fyrste klasse er også omtala i kapittel 9, Samarbeid mellom heim og skole. Samarbeid med barnehagen Dersom elevane har gått i barnehage, er barnehagepersonalet ei samarbeidsgruppe for skolen. Kontakten mellom førskolelærarar og lærarar bør ordnast med tanke på å gje dei to gruppene høve til å utveksle røynsler og synspunkt, og å drøfte spørsmål med tanke på å skape samanheng mellom aktivitetane i barnehagen og i skolen. Felles planlegging av tiltak for seksåringar og nybyrjarar i skolen kan vere ein del av dette samarbeidet. Den praktiske ordninga av slikt samarbeid må i så fall formast ut lokalt, ut frå situasjonen i kvart tilfelle. Utvida samarbeid mellom skole og barnehage er ønskjeleg av fleire grunnar: * Arbeid i aldersblanda grupper kan føre vidare gode pedagogiske idear og røynsler, både frå fådelte og udelte skolar og frå såkalla syskengruppeorganisering i barnehagar. * Samarbeidet kan gjere sitt til å skape samanheng mellom dei ulike tilboda barna får i barnehage, skole og eventuell fritidsheim. * Tiltaka kan stimulere til auka tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og kan på ein naturleg måte føre foreldra aktivt inn i dette samarbeidet. Dei vilkåra som finst i lokalmiljøet, må nyttast både når det gjeld praktisk organisering og val av aktivitetar og samarbeidsformer. Ein føresetnad må vere at tiltaka vert forma ut slik at dei gjer det mogleg for alle barn å utfalde seg, også barn som har særlege behov.
Skann 67 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/67/